Forslaget om å endre opplæringslovas kaittel 17, “Kravet om språkleg parallellutgåve”, er no sendt til høyring. Endringa skal tydeleggjere kravet om lærebøker på nynorsk og bokmål til same tid og same pris.
Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidd dette forslaget til nytt kapittel 17 i forskrift til opplæringslova.
I høyringsbrevet går det fram at forslaget heng saman med eit behov for å klargjere innhaldet i elevane sin rett til læremiddel på eiga målform; nynorsk eller bokmål, å sikre at skuleeigarane oppfyller rettane til elevane. Forslaget inneber vidare ei presisering av at krav til parallellutgåver gjeld både trykte og digitale medium.
Forslaget er ute på høyring til 25. februar 2009.
Les meir om dette hjå Utdanningsdirektoratet.