Heim Nyhende Positivt for barnekultursenter

Positivt for barnekultursenter

Det planlagde barnekultursenteret på Sand i Suldal er kome inn med ein merknad i statsbudsjettet. Tiltakshavarane gler seg over det dei ser som eit godt skritt i retning av å få statlege midlar.

Det er Rasmus Løland-stiftinga og Ryfylkemuseet som står bak planane om eit nasjonalt senter for barnekultur i Ryfylke, og målet er å få opne i 2011. I merknaden på statsbudsjettet blir senteret omtalt som eit viktig nasjonalt prosjekt for nynorsk barnekultur, ifølgje avisa Suldalsposten.

Direktør for Ryfylkemuseet, Roy Høibo, er svært nøgd med denne meldinga. Saman med dagleg leiar for Lølandstifitnga, Marny Skeie Henkel, og suldalsordførar Torkel Myklebust (Sp) reiste han i haust til til Familie og kulturkomiteen på Stortinget for å tale barnekultursenterets sak.

– Vi har truffe ei god sak med å fokusere på barn og nynorsk, meiner museumsdirektøren. – Det slo godt an i komiteen, og det at dei ønskjer å ta dette opp på høgare hald er ei veldig god handsrekking til oss.

Milepæl
– Vi er komne til ein viktig milepæl, seier Høibo til LNK.no. – No har dette gått frå å vere ein ide og eit forprosjekt til å blir meir verkeleg.

Tidlegare har Rogland fylkeskommune sagt ja til å vere med og finansiere barnesenteret, og med denne merknaden på statsbudsjettet meiner Høibo løperen er rulla ut for ein søknad om midlar neste år.

Dagleg leiar for Rasmus Løland-stiftinga, Marny Skeie Henkel, har tidlegare forklart det planlagte senterets funksjon på denne måten:

– Me ser for oss at dette skal vere ein base der alle som arbeider med barn og unge kan ause frå. Det handlar om å vere eit ressurssenter for formidling av kultur for barn. Mykje av dette vil naturleg nok vere nettbasert. Me ser ikkje for oss store folkevandringar til Ryfylke. Barnehagar, skular og kulturskular vil vere nære samarbeidspartnarar. Tidleg språkstimulering er viktig for livslang læring og god, tilgjengeleg litteratur er ein føresetnad for å få dette til.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...