Heim Nyhende Synest nynorskdebatten er pinleg

Synest nynorskdebatten er pinleg

Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) synest argumentasjonen til nynorskmotstandarane er pinleg og svak.

– Eg meiner argumenta til Høgre i nynorskdebatten er pinlege og dei viser den populistiske sida si med argumentasjonen. Argumentet om at vi ikkje treng å lære nynorsk for dei som allereie slit i norskfaget held ikkje. Du kan prøve å føre argumentasjonen over på andre fag. Skal du til dømes ikkje lære engelsk fordi du ikkje kan norsk skikkeleg? Eller kutte ut likningar i matematikk, fordi brøken var så vanskeleg, seier Solhjell til Hallingdølen.

Bård Vegar Solhjell er sunnfjording, nynorskbrukar, stortingsrepresentant for SV i Akershus og nestleiar og parlamentarisk leiar i partiet. Han var også kunnskapsminister frå 2007 til 2009. Bakgrunnen for Solhjell sine uttaler er landsmøtet til Høgre sitt vedtak opm å kutte ut sidemålsundervisninga i ungdomsskulen og Høgre i Oslo som vil søkje om ny prøveordning med valfritt sidemål.

– Det har blitt så lett å rakke ned på nynorsken. Ein kan seie dei sjukaste ting utan at nokon reagerer. Eg meiner vi må slå ned på det. I tillegg må vi gi lærarar i skulen meir kunnskap om faget og sørgje for at dei har gode haldningar, slår SV-aren fast.

Solhjell ser at det er naudsynt å sjå på innhaldet i norskfaget. Noko Kunnskapsdepartementet allereie er i gong med, kan han fortelje.

SV skal dei setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på vilkåra til nynorsken. Solhjell ønskjer ein tydelegare nynorskdebatt.

– Vi har to språk i Noreg. Eg høyrer ikkje klager frå land som Belgia, Nederland eller Sveits. Dersom ein skal ha språkdiskusjon, så bør ein snakke om ei utvikling mot eitt skriftspråk. Det er ikkje noko eg er samd i, men eit standpunkt eg kan respektere, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...