Heim Nyhende Vil ha ny motmakt-debatt

Vil ha ny motmakt-debatt

Kommunal- og regionalministeren ønskjer på nytt debatt om maktfordeling og verdiskaping. I går lanserte ho artikkelsamlinga Motmakt og regional utvikling.

Artikkelsamlinga inneheld bidrag frå samfunnsdebattantar, næringslivsleiarar, forskarar og politikarar frå heile landet.

– Utviklinga i Noreg må ikkje bli styrt ei avgrensa gruppe menneske og institusjonar, som berre kjenner ein liten del av landet vårt. Difor treng vi eit ordskifte om balansert utvikling og nasjonal verdiskaping, seier Liv Signe Navarsete. Ho meiner artikkelsamlinga representerer eit mangfald av synspunkt som vil bli viktige i arbeidet med den nye stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken.

Navarsete tok til orde for ein liknande debatt i fjor, og reiste då rundt med ein møteserie om maktkonsentrasjon og motmakt. Debatten gjekk til tider høgt, og segla etter kvart opp som ein Oslo-mot-resten-debatt.

Om årets debatt seier kommunalministeren:

– Eg vonar at desse innspela kan bidra til eit perspektiv som ikkje så lett får plass i den daglege politiske debatten. Djupast sett dreier det seg om å utvikle både storbyar, regionsentra og bygder. Vi må diskutere korleis vi skal påverke underliggjande strukturar og drivkrefter. Balansert busetjing og vekst i attraktive arbeidsplassar over heile landet er naudsynt for å få til høgast muleg nasjonal verdiskaping, seier Navarsete.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...