Heim Nyhende Teater- og språkfeiring for alle

Teater- og språkfeiring for alle

Språkåret 2013 og jubileumsåret til Det Norske Teatret opna med fest og framsyning i Kristiansand onsdag kveld.

 

Heile Nynorsk-Noreg, mykje teaterfolk, kulturminister Hadia Tajik med følgje og mange språkfolk var samla i Kilden teater- og konserthus i Kristiansand for å sjå opningsframsyninga til hundreårsmarkeringa til Det Norske Teatret og opninga av Språkåret 2013.

For det var nemleg i Kristiansand at Det Norske Teatret hadde si første framsyning 2. januar for hundre år sidan.

Festprogrammet tok føre seg historia til teateret og nynorsken – kvifor og korleis det blei til – og kva det skal vere i dag, i tillegg til andre språklege innslag.

«Språket er huset til det som er», var namnet på sjølve programmet og på prologen som Jon Fosse har skrive, og som blei urframført av skodespelar Gjertrud Jynge. I prologen skildrar Fosse språket og kor ulikt det kan vere – frå ei mor ved vogga til ein bannande fiskar på havet. Han fortel historia til teateret frå den tida sjølve teateret var omreisande fattige skodespelarar til teateret i dag med eit eige teaterhus i hovudstaden.

Med eigne ord
Kulturminister Hadia Tajik heldt tale til det jubilerande teateret og opna på same tid Språkåret 2013. I talen hennar streka ho under at me i språkåret først og fremst skal snakke så folk forstår.

Skodespelarar frå Det multinorske, den eigne skodespelarutdanninga til Det Norske Teatret, stod for ulike innslag og tolkingar av til dømes «Ervingen» og «Spelemann på taket».

Korleis oppfattar folk utanfor Noreg det nynorske språket? Det fekk publikum eit innblikk i frå professor Stefan Oeter, leiaren for Europarådets arbeid for region- og minoritetsspråk.

Forfattar og journalist Alfred Fidjestøl tok på si side publikum med hundre år tilbake og fortalde om grunnlegginga av Det Norske Teatret og teaterslaget i Rosenkrantzgaten i Oslo, der 20.000 demonstrantar demonstrerte mot eit nynorsk teater i Oslo. Teatret delte ut gratisbillettar til dei som ville gje demonstrantane juling.

Kvensk og teiknspråk
Kristin Mellem, Herborg Rundeberg og Aleksander Kostopolulos stod for eit utdrag frå «Kaffikopp og salmebok», som skildrar kvardagen til dei kvenske etterfølgjarane og utfordringa deira i leitinga etter sitt eige språk etter fornorskingsprosessen tidleg på 1900-talet.

Teater Manu framførte eit utdrag frå eit heilt nytt stykke, «Å vente eit barn», av Hilde Haugaland, som er tilrettelagt for døve og høyrselshemma med tekst på storskjerm og med teikn- og kroppsspråk som språklege verkemiddel.

I tillegg var det fleire musikalske innslag frå Aasmund Nordstoga. Den snart tre timar lange festframsyninga vart avslutta med «Mellom bakkar og berg» som allsong frå publikum og dei som var med frå scena.

Heile framsyninga, alle talar, songar og framføringar blei òg formidla på teiknspråk.

Det Norske Teatret skal feire seg sjølv med mange arrangement gjennom året. Språkåret 2013, som er skipa for å vere ei raus, inkluderande feiring for alt språk med grunnlag i 200-årsjubileet til Ivar Aasen, skal òg ha program heile året gjennom. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...