Heim Nyhende – Treng ei felles satsing

– Treng ei felles satsing

I morgon startar Diktarvegkonferansen på Lofthus i Hardanger. – Målsetjinga med det nye selskapet Fjordvegen Diktarvegen AS må vere å få både betre veg og fleire opplevingar langs Rv 13, seier styreleiar i selskapet, Solfrid Borge. 

Fjordvegen Diktarvegen AS skal arbeide for å gjere Rute 13 kjend, betre vegstandarden, og samstundes skaffe trafikk og besøkjande til kulturarrangement, organisasjonar og selskap langs vegen. Diktarvegkonferansen 2012 skal setje søkjelyset på korleis ein kan skaffe samarbeidspartar til prosjektet.

– Ei felles satsing må til om ein skal lukkast i prosjektet, ei felles forståing for kor viktig den «indre stamveg» er for å oppretthalda busetnad, næringslivet og mangfaldet av kulturlivet, seier Borge.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) kjem til konferansen og Solfrid Borge meiner dette må vere ein god sjanse til å fremje synspunkt til ministeren.

– NTP er nett sendt på høyring, folk bør kjenne si vitjingstid her, slår ho fast.

På konferansen kan du også høyre blant andre Anne Grethe Bakke frå Destinasjon Voss, Inger Undheim frå Nasjonalt Garborgsenter, Per Ritzler frå Nasjonale turistvegar og styreleiar i Norsk Hydro AS, Terje Vareberg. Konferansen kan også friste med utdrag frå Vestlandsrevyen II og konsert med blant andre Sigrid Moldestad, Sigbjørn Apeland og Anders Hall.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...