Heim Nyhende – Viktig å vere stolt av nynorsken

– Viktig å vere stolt av nynorsken

 

Leiar i Nei til EU, Heming Olaussen er ein av omlag 1700 som har meldt seg inn i Noregs Mållag etter nyttår. Han meiner det er viktig å sjå at nynorsken blir pressa. 

 

Olaussen seier sjølv han er dialektbrukar frå Oslo aust og ikkje har eit veldig bevisst forhold til nynorsk, meir ein intuitiv sympati som han kallar det. Avgjerande for at han no melde seg inn i mållaget var også at han ikkje kunne motstå vervaren sin draum om 300 nye medlemmer.

– Mitt perspektiv er meir politikken i stort, kva krefter som vil styrke eller bygge ned både nynorsk og dialektbruk. Nynorsken som alle motkulturar blir pressa av sentralisering og elitisme. Det er viktig å vere stolt, slår han fast.

– Korleis kan ein styrke nynorsken framover?

– Det har ikkje eg tilstrekkeleg oversikt over, men kansje mållaget bør interessere seg for EØS-avtalen sin sentraliserande og distriktsnedbyggande effekt? Ein bør kanskje også vere nøye på kven ein stemmer på ved stortingsvalet i 2013?

I neste utgåve av LNK-avisa møter du fleire nye medlemmer i Noregs Mållag som har sterke meiningar om nynorsken.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...