Heim Nyhende – Treng nye kanalar for engasjert ungdom

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Ødegård er i desse dagar aktuell med boka «Motløs ungdom? Nytt engasjement i et gammelt demokrati.» Boka byggjer på doktoravhandlinga hennar om samfunnsengasjement blant ungdom.

Éin av konklusjonane i boka er at ungdom treng andre kanalar og arenaer for samfunnsengasjementet sitt.

– Frivillige ungdomsorganisasjonar har vore viktige trimrom og læringsarenaer for demokrati. Desse er framleis viktige, men det er færre unge som engasjerer seg i desse kanalane. Engasjementet til dei unge flyttar seg, og det politiske aktivitetsmønsteret tek nye former til eit meir aksjonsretta engasjement. Utfordringa er å skapa arenaer og kanalar for å fanga opp dei mange stemmene. Dette er ei utfordring for dei politiske partia og for demokratiet elles, seier forfattaren i ein samtale om boka på nettsidene til Institutt for samfunnsforsking. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...