Heim Nyhende – Kommunane må melde frå

– Kommunane må melde frå

 

Tidlegare fekk kommunane skjønnsmidlar direkte frå Kommunal- og regionaldepartementet på grunn av ekstra kostnadar ved språkdelte klassar. Dette vart endra i 2009.

 

Frå 2009 vart desse midlane lagt inn i basisrammene til fylkesmannen. Det betyr i praksis at fylkesmannen kan vurdere om støtta til språkdelte klassar skal halde fram, og kven som eventuelt skal få ekstra støtte.

– Tidlegare var desse midlane spesifiserte for kvar kommune, på bakgrunn av klasselister. Det er dei ikkje no. Det betyr at fylkesmannen kan vurdere kven som som skal få denne støtta, seier Håvard Rød hjå Fylkesmannen i Hordaland. Han legg vidare til til at kommunane alltid har disponert desse midlane fritt.

Kommunane får tilsendt eit brev frå fylkesmannen der det blir fortalt at ein skal ha ei ny fordeling av skjønnsmidlar, og at kommunane må gi opplysningar om spesielle område og utfordringar i deira kommune.

Økonomi avgjer
– Det er avgjerande at kommunane då gir opplysningar om språkdelte klassar, og at dette er ein ekstra kostnad. Men uansett blir støtta delt ut på bakgrunn av kommunane sin økonomi og i forhold til eit totalsyn, fortel Rød.

For 2010 har Fylkesmannen i Hordaland gitt støtte til Meland kommune og Fjell kommune på grunn av ei stadig sterkare innflytting frå Bergen og dermed fleire bokmålselevar. Samstundes støtta dei Sveio kommune på grunn av innflytting frå Haugesund. Bokmålskommunen Askøy kommune fekk også skjønnsmidlar, på bakgrunn av at ein del foreldre i kommunen no ynskte nynorsk som hovudmål.

Ikkje lister
Til samanlikning fekk Bergen, Odda, Fjell, Osterøy og Lindås kommune støtte frå departementet i 2000. Håvard Rød seier at utbetalingane i Hordaland har vore på omlag ein million kroner, også for 10 år sidan, noko han meiner er ein ganske liten del av den store kaka.
Kompensasjonen i kroner har vore mykje meir omfattande i mange andre fylke, meiner han.
2000 var det siste året Odda fekk skjønnsmidlar til språkdelte klassar. I åra etterpå har kommunen søkt utan å få midlar. Dette er ordførar i Odda, Gard Folkvord (Ap), skuffa over.
Eg synest ikkje det er bra. Sidan me er ein språknøytral kommune, bruker me mykje ressursar på språkdelte klassar. Men det får ingen innverknad på Odda sin skulepolitikk. Språkarbeidet i skulen vår har høg prioritet, og det vil det også ha framover, seier han og legg til at det truleg er økonomiske årsaker som gjer at kommunen ikkje får støtte.
Det blir truleg argumentert med at ein kommune som Odda kan klare å finansiere dette sjølv, og det har me også klart, seier han.

Auka støtta
Anne-Gunn Sletten hjå Fylkesmannen i Oppland kan fortelje at Sel og Nord-Aurdal fekk ei samla støtte på 1,4 millionar kroner direkte frå departementet i 2003. I 2004–2007 fekk Sel, Nord-Aurdal og Etnedal kommune ei støtte på tilsaman 2,7 millionar kroner i kvart av åra.
I 2008 fekk Gausdal støtte i tillegg til dei tre andre kommunane. I 2009 og 2010 kom Sør-Fron til på tildelingslista, og talet på kommunar var då oppe i fem. I 2009 var den samla støtta på 3 millionar kroner, medan ho i 2010 var på 2,8 millionar.
– Den kommunevise fordelinga er vidareført, og det totale beløpet som er fordelt, har auka i takt med talet på kommunar. Men tildelinga er no basert på innspel frå dei aktuelle kommunane, seier Sletten.
Departementet har på si side ingen kommentarar til om ordninga fungerer godt slik ho blir utført i dag, eller om det vil bli endringar for 2011.
– Retningslinjene blir først klare og offentleggjorde i samband med statsbudsjettet for 2011. Me har difor ingen kommentarar til dette nå, seier statssekretær Dag Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet til LNK-avisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...