Heim Nyhende Trur på vekst i reiselivet

Trur på vekst i reiselivet

Reiselivsnæringa i Noreg har gode vekstmoglegheiter framover, men då må staten bidra med dei rette verktøya.

 

Det er konklusjonen i ein fersk rapport utarbeidd av Menon Business Economics og Høgskolen i Buskerud og Vestfold på oppdrag frå Næringsdepartementet.

Både fleire utlendingar og fleire nordmenn vil nemleg reise på noregsferie i åra som kjem, ifølgje rapporten. Han konkluderer med at konkurranseevna til reiselivsnæringa er avhengig av tre faktorar: pris, tilgjenge og innhald. Og akkurat no ser det ut til at alle faktorane går rette vegen, mykje takka vere ein norsk økonomi som ikkje lenger er like oljesmurd. Samtidig har ei oppblomstring av lågprisflyruter direkte til og frå utlandet og ei satsing på innovasjon over mange år vore med på å legge til rette for vekst.

– Det er grunn til å tru at veksten i norsk økonomi vil vere meir på linje med andre europeiske land framover, og det vil styrke konkurranseevna til norsk reiseliv, heiter det i analysen.

Mæland skal lese og lytte

Næringsminister Monica Mæland sa at ho ser fram til å lese rapporten, då ho fekk han overlevert i departementet onsdag. Under presentasjonen vart det trekt fram enkelte punkt som vil vere heilt avgjerande for å sikre verdiskapinga i reiselivet dei neste åra. Mellom anna må staten syte for ei meir effektiv organisering av næringa og meir målretta marknadsføring. Næringsministeren festa seg særleg ved eitt av punkta.

– Eg er glad for at rapporten framhevar klynge- og nettverksarbeid som viktig. Vi har allereie forsterka klyngepolitikken, og eg har stor tru på at vi styrkar kvarandre ved å gå saman, seier Mæland og avviser samtidig at klyngepolitikk er noko som går hand i hand med sentralisering.

– Nei, då er det nesten ein fordel å halde til i distrikta, berre sjå på den maritime klynga på Sunnmøre og teknologiklynga på Sørlandet. Det kan sjå ut til at Distrikts-Noreg er best på klyngepolitikk, seier næringsministeren.

Oljekrasj kan gi grobotn

Reiselivsnæringa sjølv ser ut til å vere innstilt på at ein ny reiselivspolitikk skal meislast ut.

– Denne rapporten kjem i rett tid, han legg grunnlaget for å gjere 2015 til eit endringsår, seier direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold.

Ho meiner smørbrødlista med tiltak viser verkemiddel som allereie er i bruk, men at ein kan gjere endå meir på kvart punkt.

– Målretta internasjonal marknadsføring vil vere viktig, spesielt i den digitale revolusjonen vi er inne i. Det same er satsinga på klynger, det er jo nettopp det vi i NHO Reiseliv driv med, å knyte saman aktørane.

Reiselivsdirektøren vel å sjå på omstillingane i norsk økonomi som noko positivt.

– No er kronekursen på reiselivet si side. Det kan ein ikkje smile for breitt av, då sårar ein andre, men eg vel å sjå på det som ei moglegheit. Kanskje kan vi i reiselivet bidra til optimisme i strøk som er hardt råka av kutta i oljebransjen? Vi vil gi ungdom lyst til å jobbe innan reiselivet. Der treng ein ikkje mastergrader, men entusiasme, seier Krohn Devold.

FAKTA

Slik bør staten legge til rette:

* Klynge- og nettverksmiddel

* Fagutdanning og kompetanseverkemiddel i verksemdene

* Kapitalverkemiddel for å styrke innovasjon og produktivitet

* Målretta internasjonal marknadsføring

* Legge til rette for ei meir effektiv organisering av næringa, der regionale og lokale styresmakter er koordinerte

Kjelde: Rapporten «Verdiskapingsanalyse av reiselivsnæringa i Norge» (©NPK).

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...