Ei kartlegging Synovate har laga for NRK, viser at 95 prosent av dei spurde fylgjer med på valkampen.
80 prosent av dei spurde seier at dei finn den mest relevante informasjonen om valet på tv. 69 prosent har mest tillit til valsendingane på NRK, medan 48 prosent vel TV2. Når det gjeld riksavisene, er VG og Aftenposten dei store vinnarane. Likevel vil heile 26 prosent av dei spurde helst lese valkampsaker i lokalavisa si. På radio er det NRK P1 som er vinnaren, med 44 prosent. Tre prosent svarer derimot at dei finn den mest relevante informasjonen på sosiale kanalar som Facebook.