Heim Nyhende – Twitter engasjerer lite

– Twitter engasjerer lite

– Eg trur ikkje sosiale medium som Twitter eller Facebook engasjerer veljarane i særleg grad, seier professor ved Universitetet i Oslo, Kjell Lars Berge.

Debatten om den politiske valkampen er flytta over på digitale arenaer, og diskusjonen om korleis desse fungerer, held fram. Alle dei politiske partia som i dag sit på Stortinget, har heimesider, det er ikkje noko nytt. Men valkampen denne hausten går også føre seg på Twitter, Facebook, YouTube og Flickr, samstundes som einkvar politikar med respekt for seg sjølv har eigen blogg. Valkampen er flytta over til sosiale medium. Eller er den det?

– Nei, det trur eg ikkje. Det er framleis TV som er den store arenaen for politisk valkamp. Det er vårt einaste samlingspunktet, torget i vår tid. TV er vår nasjonale arena for politisk debatt. Det er berre NRK og TV 2 som gjeld, slik er det berre, slår Berge fast.

– Solhjell er god

Han trur likevel sosiale medium har ei rolle i informasjonsstraumen.

– Det er ingen tvil om at informasjonsstraumen akselererer med bruken av desse media. Eit godt døme var når Erna Solberg gjekk ut i ein paneldebatt på NRK og sa at 1 av 5 elevar gjekk ut av skulen utan å kunne skrive eller lese skikkeleg. Eg har forska på dette området og tok kontakt med media for å fortelje kva fakta som finst om dette. Plutseleg var saka på nett, og det vart twitra om den i mange medium. Det er ein enorm dynamikk i dette, slår Berge fast.

Men noko middel for å vinne valkampen trur han ikkje det er. Heller ikkje for å kapre dei yngste veljarane. Derimot trur han sosiale medium kan brukast til nettverksbygging inne i miljøa.

– Dersom du skulle trekke fram nokon du meiner er gode på dette i norsk politikk, kven tenkjer du på då?

– Eg har ikkje fått med meg så mange på desse nettsidene. Men kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (SV) er god. Det trur eg har mykje med hans eiga interesse for media å gjere. For han er dette heilt naturleg.
Solhjell skriv blant anna ein aktiv politisk blogg og er til stades på nettsamfunnet Twitter. I skrivande stund er det 4089 personar som fylgjer profilen hans på Twitter. I ein kronikk tidlegare i år skriv Solhjell dette om bruken av sosiale medium:

Sosiale medium gjer det ikkje minst enklare å samtale, å treffe mange menneske og å utsetje seg for spørsmål frå dei. Facebook og Twitter er først og fremst stader der det vert lettare for oss å treffe kvarandre. Gjennom desse og andre sosiale medium kan det også bli lettare å nå ein politikar. Eller eit parti. Eller eit departement. Sosiale medium gjer oss meir sosiale. Dei er ikkje skapt for politikk, men dei kan brukast for å demokratisere politikken.

Mykje romantikk

Berge er ikkje like sikker på at dette er ein god måte å drive valkamp på.

– Eg mistenkjer at Arbeidarpartiet sin strategi med å banke på dører og dele ut roser i valkampen fungerer like godt som å twitre på nettet, meiner han.

– Meiner du at debatten om at valkampen no er flytta over på sosiale medium, er opphausa?

– Ja, det er mykje romantikk i dette. Desse arenaene fungerer best som utveksling av rask informasjon og til nettverksbygging. Ikkje til å vinne valet med.

Berge viser også til at bruken av sosiale medium fungerer mykje betre i USA, der eit politisk val langt på veg er eit personval.

– Her heime står derimot partiet mellom veljarane og dei politiske kandidatane. Då vert det ikkje så aktuelt å bruke slike kanalar, meiner han.

Førre artikkelTv-mediet vinn valet
Neste artikkelUsikker effekt

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...