Heim Nyhende Usikker effekt

Usikker effekt

– Det er vanskeleg å måle om det er effekt av politisk tv-reklame, seier professor Hanne Marthe Narud ved Universitetet i Oslo.

Debatten om ein skal tillate politisk tv-reklame i norske tv-stasjonar er ennå ikkje over. Men kva effekt kunne ein slik reklame ha fått?

Professor Hanne Marthe Narud viser til at denne typen politisk reklame truleg ville ha blitt kostnadsdrivande i den norske valkampen med mindre det vart innført visse typar reguleringsregime. Ho viser til at dette er gjort i ei rekkje andre land.

– Truleg ville dei minste partia ha tapt i konkurransen med dei større sidan dei ikkje har dei same økonomiske midla tilgjengelege, seier ho til LNK-avisa og viser til at det i så fall er stikk i strid med dommen frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (DEM).

– Tilhengarane meiner at omsynet til ytringsfridomen tilseier at dei politiske partia bør ha høve til å bruke politisk tv-reklame utan at bodskapen vert filtrert av media. Motstandarane meiner derimot at dei mindre partia vil lide dersom tv-reklame vert lov. Dei meiner også at denne typen reklame vil gi sterke føringar i retning av mindre informasjonsbaserte valkampar, der reklamespråket vil styre mykje, skriv Narud i eit lesarbrev i Dagsavisen i januar dette året.

– Det er ikkje lett å isolere effekten av politisk tv-reklame. Me veit til dømes at påverknaden frå venner og kjende tel meir enn påverknaden frå media når me skal bestemme oss før eit val, seier Narud.

Ho legg likevel vekt på at tv er eit sterkt og visuelt medium der politikarane tener på å ha slipte og korte kommentarar.

– Det er eit medium som krev sin mann og si kvinne. Men det betyr ikkje at det nødvendigvis er i dette mediet ein får mest kunnskap. Både avis og radio er ofte meir djuptgåande, meiner ho.

Framleis forbod

Bakgrunnen for saka er at TV Vest ved lokalvalet i 2003 sende reklameinnslag for Pensjonistpartiet i Rogaland som var i strid med kringkastingslova. Resultatet vart at Statens medieforvaltning gav tv-stasjonen eit gebyr. I etterkant gjekk TV Vest til søksmål mot staten, som vart frikjend i Oslo Tingrett og seinare i Høgsterett. TV Vest tok så saka vidare til Den europeiske menneskerettsdomstolen (DEM) i Strasbourg.

DEM konkluderte i desember 2008 med at forbodet mot at Pensjonistpartiet fekk kjøpe politisk reklame, var eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen. I hovudsak meinte DEM at for enkelte parti kan tv-reklame vere den einaste sjansen til å få tv-dekning. Regjeringa anka ikkje dommen i DEM, likevel er det framleis forbod mot politisk tv-reklame i Noreg.

– Me har kome fram til ei løysing der også dei små partia får redaksjonell dekning i valsendingane. Det blir gjort ved at NRK-plakaten vert endra. Me meiner dette tilfredstiller kravet frå DEM om at små parti skal sleppe til i valkampen, men utan at me må opne opp for tv-reklame, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske i ei pressemelding.

Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas meiner NRK framleis har sin redaksjonelle fridom trass i at NRK-plakaten er endra.

– Det blir ingen endringar i NRK si valdekning utan at me sjølv bestemmer oss for det, uttalte Bjerkaas til TV 2 Nyhetskanalen tidlegare i år.

Gratis reklame

Fleire tv-stasjonar har i ettertid vurdert å sende politisk tv-reklame. TV2 sa til dømes tidlegare i haust nei til å sende denne type reklame, medan TV Norge har opna for å dele ut gratis reklametid til dei politiske partia.

– Ingen kan nekte ein tv-kanal å gje vekk sendetid, og det er flott at TV Norge slepp partia til. Det er pengekarusellen som tv-reklame kan føre til, me har frykta. Å få tv-kanalane til å gjere plass for gratis tv-reklame var noko av det me vurderte i samband med dommen i Strasbourg, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske til fagbladet Journalisten om saka.

Hanne Marthe Narud legg også vekt på at til dømes Tyskland allereie har innført gratis tv-reklame for politiske parti.

Medietilsynet har tolka dommen frå Strasbourg til berre å gjelde for små parti, og dermed vert ikkje Høgre-reklamen som fleire mindre tv-kanalar sende tidlegare i år, rekna som lovleg.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...