Sigfrid Tvitekkja vil fungere som direktør i Språkrådet fram til ny direktør er på plass.
Sylfest Lomheim går av som språkdirektør 1. september. Då vil Tvitekkja gå inn i rolla inntil ny direktør, som blir utnevnt av Kulturdepartementet, tiltrer.
Tvitekkja har vore fagkoordinator i Språkrådet sidan 2007, og har vore med i Språkrådet si leiargruppe.