Heim Nyhende Unge festspeldiktarar

Unge festspeldiktarar

Forfattarane Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim blir festspeldiktarar på Dei nynorske festspela i 2013. 

 

Språkåret 2013 set også sitt preg på programmet på Festspela, og er ein av grunnane til at festivalen i år gjer ei endring med festspeldiktarrolla. Dei nynorske festspela går av stabelen i Ivar Aasen-tunet og andre stadar i Ørsta og Volda 27 – 30 juni. 

Kjartan Fløgstad sette i fjor lys på kor godt det gror blant unge, nynorske forfattarar, noko som endra tradisjonen med ein festspeldiktar.

– I år vil difor publikum møte tre unge forfattarar, mellom anna i møte med Kjartan Fløgstad som var den første festspeldiktaren i 1994, seier programansvarleg Karine Munch i ei pressemeding. 

Sveen og søstrene Sørumgård Botheim har merkt seg ut i det litterære landskapet med tydelege stemmer. Lars Petter Sveen er fødd i 1981 og er opphavleg frå Fræna. Han fekk Tarjei Vesaas debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutantromanen Køyre frå Fræna (2008). I 2011 kom romanen Eg kjem tilbake

Søskenparet Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim er frå Lesja. Dei debuterte saman med den leikande romanen Ramstein pensionat i 2009. I 2011 gav dei ut boka Søsken saman med søstrene Kjersti Rognes Solbu og Ingrid Rognes Solbu. 

Temaet for årets festspel er Grensealust. 

– Dette temaet gir rom for nye og annleis programpostar, utøvarar og arenaer. Festspela blir grenseoverskridande både i høve sjanger og landegrenser, men er sjølvsagt likevel solid forankra i den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...