Heim Nyhende Satsar på nynorskjournalistar

Satsar på nynorskjournalistar

 

Nynorsk avissenter i Førde opnar i august. Senteret skal drive med utdanning og etterutdanning av nynorskjournalistar.

Arve Sandal er no tilsett som prosjektleiar for senteret, og han tok til i arbeidet sitt denne veka.

– Nynorsk avissenter skal gi eit handslag til lokalavisene som blir redigerte på nynorsk ved å hjelpe med rekrutteringa, men også med å utvikle den digitale lokalavisa, seier Sandal til LNK.no.

– Det er i dag 59 lokalaviser som blir redigerte på nynorsk. Desse avisene produserer store mengder nynorsk tekst kvar veke, og dei er veldig viktige for det nynorske skriftspråket. Vi håper vi kan bidra til desse avisene med råd og med kompetanse.

Startar til hausten

Allereie i april vil senteret derfor lyse ut praktikantstillingar som nynorskjournalistar kan søke på, etter mal av, og i samarbeid med, NRK Nynorsk mediesenter. Det første kullet med nynorskjournalistar tek til på opplæring og praksis i august i år.

Arve Sandal har sjølv vore med i prosjektgruppa som etablerte NRK Nynorsk mediesenter for 10 år sidan, og han ser at eit samarbeid mellom desse to organisasjonane kan gi gode synergiar.

Spark bak

Det er Firda Media AS som står bak Nynorsk avissenter i Førde. Vinjefondet løyvde nyleg 1 million kroner til senteret, og frå før har Sparebankstiftinga og Amedia løyvd ein halv million kronar kvar.

Les også: Satsar på nynorsk avissenter i Førde

At Nynorsk avissenter blir lagt til avisa Firda i Førde meiner Arve Sandal har si naturlege forklaring.

– Firda er den største nynorskavisa i landet, og den einaste av desse som kjem ut kvar dag.

Nynorskfylket Sogn og Fjordane står også i ei særstilling. Medan nynorsken er på tilbakegang i andre fylke, er framleis 97% av alle grunnskulelevane i Sogn og Fjordane nynorskbrukarar, og Sandal peikar på at fylket blir kalla det nynorske grunnfjellet.

At senteret opnar i Språkåret er derimot litt meir av eit tilfelle. Men like fullt gir det eit ekstra spark i baken til det nye avishuset å opne i det året det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, seier den nytilsette prosjektleiaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...