Heim Nyhende Det Norske Teatret med kulturelle tilbakeblikk

Det Norske Teatret med kulturelle tilbakeblikk

Fleire fredagar og laurdag utover vinteren og våren byr Det Norske Teatret på ei rekkje spesialarrangement med både musikalske godbitar og eit djupdykk i historia til teateret.

Historiske laurdagar er tittelen på ein serie arrangement med forfattaren Alfred Fidjestøl og dramaturg Ola E. Bø. Fidjestøl skriv historia til Det Norske Teatret, og saman med andre gjester vil han og Ola E. Bø sjå nærmare på fortida til teateret.

Det første arrangementet går av stabelen 16. februar. Det har tittelen «Frå Spellaget til teaterslaget. Om starten til Det Norske Teatret. Tre veker seinare er temaet historia til nynorsk dramatikk, medan det norske musikkteatret er temaet den siste historiske laurdagen i mai.

Om lag i same tidsrommet arrangerer teatret det dei kallar «Bikubekveldar i 100». Her kan publikum oppleva gjensyn med musikalske godbitar på Det Norske Teatret opp gjennom åra. Den første musikalske Bikubekvelden går av stabelen 15. februar. Her vil skodespelarane Charlotte Frogner, Ingeborg Sundrehagen Raustøl. Frank Kjosås og Pål Christian Eggen ta publikum med på ei reise i den amerikanske musikalen.

Ein månad seinare kan folk oppleva Heidi Gjermundsen Broch og Lars Klevstrand med fleire tolka Jacques Brei og Edith Piaf. Seinare arrangement byr både på svenske viseskattar, gjensyn med songar frå sukessframsyninga «Bikubesong» og ein kortversjon av musikalen «Next to Normal. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...