Heim Nyhende UPrisen til Lars Mæhle

UPrisen til Lars Mæhle

Lars Mæhle blei kåra til årets vinnar av ungdommens eigen litteraturpris – UPrisen – for boka “Landet under isen”, skriv NRK.

Juryen består av 180 niendeklassingar frå sju ungdomsskular frå heile landet. Dei har no bestemt at “Landet under isen” er den beste ungdomsboka i 2010.

– Dette må synke litt inn før det går opp for meg, seier vinnaren Lars Mæhle til nrk.no.

“Landet under isen” er en blanding av fantasy og krim.

– Eg hadde lyst til å utforske skjæringspunktet mellom dei to sjangrane, og fletta inn både religion og historiske kriger. Det var nok veldig ambisiøst, seier Mæhle.

Forfatteren er sjølv glad i å lese fantasy-litteratur og seier til NRK at han såg på det som ei utfordring å halde på spenninga gjennom dei over 500 sidene i boka. “Landet under isen” er også skriven på nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...