Medan nynorsken styrkjer stillinga si i tv-tilbodet frå NRK til barn og unge og i Wikipedia, vert han svekt på andre viktige bruksområde. Det kjem fram i rapporten Språkstatus 2012 som Språkrådet la fram i dag.
Rapporten peiker mellom anna på at det har vore janm nedgang i talet på nynorskelevar i grunnskulen dei siste åra. Nesten halvparten av elevane som har nynorsk i ungdomsskulen byter dessutan til bokmål når dei kjem i vidaregåande.
Også innan høgare utdanning er det utfordringar. Språkpolitiske retningslinjer som vert vedtekne ved universitet og høgskular, ser ut til å bli nedprioriterte eller forsvinne heilt i dei sentrale strategidokumenta til dei same institusjonane.
Skepsisen til reklame aukar blant oss, viser rapporten, som kan du kan lese her.
Den årlege språkstatusrapporten tek for seg tilstanden for språk og språkbruk på ulike samfunnsområde. Rapportane legg grunnlaget for meldinga om språk som Kulturdepartementet legg fram for Stortinget kvart fjerde år.