Den prisbelønna barneboka Vaffelhjarte av Maria Parr blir no TV-serie. Serien skal spelast inn på Runde i Herøy.
TV-serien blir på sju deler og blir vist til neste år.
– Runde blei valgt ut fordi der er alt vi treng. Vi kjem til å bruke heile øya i opptaka og mange blir engasjert i det som skjer, seier produksjonsleiar for serien som skal gå i NRK, Margrethe Fjelltun til NRK Møre og Romsdal.
NRK er allereie godt i gang med å leite etter hovudrolleinnhavar. Etter auditon står det no att omlag 90 personar – rundt ein firedel av dei som sa seg interessert.
– Elles treng vi mange statistar og vi kjem til å få bruk for svært mange av dei som bur på øya, seier Margrethe Fjelltun.