I dag la forlagssjef Håkon Komannskog fram Samlaget si haustliste. Forlaget har ti debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære.
Olaug Nilssen, Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland, Kari Stai og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.
Olaug Nilssen er i haust aktuell med bok om familie- og arbeidsliv; Kjøkenbenkrealisme. Per Inge Torkelsen vil i boka Humor er ingen spøk heller rose enn å refse. Jan Roar Leikvolls nye sterke, mørke roman Bovara vert lansert i desse dagar og har alt fått gode kritikkar. Rønnaug Kleiva står bak reiseromanen Armenia, Albania, Argentina om ei vestleg kvinne som reiser aleine til feriestader og og farlege utkantområde.
Ingelin Røssland har skrive fleire populære ungdomsbøker og debuterer i haust med kjærleiksromanen Kirsebærsnø. Veterinær og samfunnsdebattant Anne Viken bokdebuterer med hesteboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.
Og Kari Stai kjem med ein oppfølgjar til barnebøkene om Jakob og Neikob, Tjuven slår tilbake.
– I 2012 er det verdt å minne om at dette språklege mangfaldet og demokratiske utgangspunktet ikkje har kome av seg sjølv, og at det heller ikkje automatisk blir ein viktig del av den norske framtida. Det trengst forfattarar, det trengst lesarar, det trengst ein levande skriftkultur for at dette språklege mangfaldet skal bli meir enn tomme ord, seier Komannskog i ei pressemelding.
Forlagsdirektør Edmund Austigard la i si innleiing vekt på dei endringane forlaget skal gå gjennom dei kommande åra:
– Akkurat no er det altså ikkje e-boka og bok-appane som er økonomisk viktige for oss ved det digitale, det er effektiviseringa i arbeidsmåten. Men vi vil gå frå forsvinnade små digitale inntekter i 2012 til betydelege inntekter i løpet av få år. Det er den realiteten vi no skal tilpasse oss gjennom nye, billigare og digitale arbeidsformer.
– Den viktigaste grunngivinga for den endringsprosessen Samlaget no går gjennom handlar ikkje om digital og papir, men om kva som må til for at den gode litteraturen skal blomstre. Kva som må til for at lesing og litteratur skal stå like sterkt i dette landet om fem år. Kva som må til for at vi skal behalde den språklege romslegheita og toleransen vi har i dette landet. Alt anna er jo i denne samanheng bagatellar.