Heim Nyhende Varslar liberalisering av plan- og bygningslova

Varslar liberalisering av plan- og bygningslova

Regjeringa varslar at dei vil forenkla byggjereglane slik at du kan byggja garasje eller uthus på inntil 50 kvadratmeter på eiga tomt – utan å spørja naboen og utan å søkja kommunen.

 

Det einaste kravet er at bygningen ikkje er i konflikt med reguleringsplan, veglov og at bygget er minst ein meter frå tomta til naboen, skriv VG.

– Plan- og bygningslova skal bli ei «ja-lov». Folk vil spara både tid og pengar, og kommunane kan bruka tida til å løysa andre oppgåver, og til å rettleia sjølvbyggjarane betre, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til VG.

Dei nye byggjereglane er ei av nyheitene som Sanner skal presentera på landsmøtet til Høgre i helga. Allereie neste veke legg regjeringa fram eit lovforslag som forenklar byggjesaksbehandlinga for sjølvbyggjarar.

Forslaget byggjer på reglar tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) varsla i ei stortingsmelding i 2012. Den raudgrøne regjeringa ønskte også ei liberalisering for bygg på inntil 50 kvadratmeter.

Etter regelverket i dag kan folk maksimalt byggja inntil 15 kvadratmeter minst fire meter frå tomtegrensa før det utløyser søknadsplikt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...