Heim Nyhende Vegen opnar nye dører

Vegen opnar nye dører

 

– Kvivsvegen gjer kommunen meir attraktiv, seier fabrikksjef ved Ekornes Grodås AS, Knut Ove Rygg.

 

Ekornes sin fabrikk på Grodås i Hornindal er høgt spesialisert innan innvendige og synlege trekomponentar til sofaer. Dei lagar òg deler til Stressless-stolane. Bedrifta har 91 tilsette. Sjølv om ikkje rekruttering av arbeidskraft har vore ei utfordring til no, ser likevel fabrikksjef Knut Ove Rygg at mange dører opna seg då Kvivsvegen var på plass.

Les også: – Har bruk for to skriftspråk

– Me får ein mykje større region der vi kan hente inn arbeidskraft, og kortare avstandar gjer kommunen meir attraktiv, meiner han.

Bedrifta hentar òg ein økonomisk gevinst av samferdsleprosjektet.

– Reisetida for varetransporten mellom fabrikkane blir korta ned med ein time kvar veg. Det er klart det betyr noko for oss økonomisk.

Rygg meiner vegen er positiv for lokalsamfunnet, der mange bedrifter driv marginalt. Ikkje minst blir det i følgje Ekornes-sjefen viktig å få kortare avstand til flyplass, sjukehus og høgskulemiljø.

Aukar pendlinga
Kvivsvegen vil gje auka trafikk og større tilgang til bustadar. Han er viktig for Hornindal i framtida, seier næringskonsulent i Hornindal kommune, Jan Endre Nesdal.

Kvivsvegen vart opna i september i år og knyter saman bu- og arbeidsmarknaden i regionane Søre Sunnmøre og Indre Nordfjord og opnar for ferjefri E39 mellom Lote og Festøy. Vegen skal etter planen gje eit raskare samband mellom Søre Sunnmøre og Austlandet via riksveg 15 over Strynefjellet.

– Kommunen har allereie ein del pendling til Ørsta og Volda, og denne vil nok auke no, trur Nesdal. Han meiner òg det er viktig at kommunen kjem tettare på eit høgskulemiljø. Då kan ungdommane våre bu heime lenger, noko som betyr mykje.

– Tidlegare var Hornindal ein plass ein berre måtte gjennom for å kome til Stranda. No blir det ein viktig veg mellom vest og aust.

Jan Endre Nesdal meiner at hovudmålet med den nye samferdsleåra ikkje er vegen i seg sjølv, men effektane han vil gje.

Tomteprosjekt
No må ein få folk til å stoppe. Dei som passerer, må stoppe for å ete middag, og dei som et middag her, må stoppe igjen for å oppleve noko meir. Me er i gang med både nytt hyttefelt og nytt skianlegg, og vi håpar vegen vil gje fleire gjester.

– Kommunen har i tillegg eit prosjekt for å få fleire til å kjøpe bustadtomter. I år sel dei 16 tomter til 2012 kroner, 13 av desse er allereie selde.

– Det har vore ein suksess, no blir det viktig å følgje opp dei som har kjøpt. Tilgang til bustadar må til for å få ei større samfunnsutvikling.

I tillegg til Ekornes Grodås framhevar Nesdal verksemder som Total Service Kviven, som driv med solskjerming og varmepumper.

Attraktivitetsbarometeret som Telemarksforsking gjev ut, viser at Hornindal er den kommunen i Kvivsregionen som best klarer å halde på innbyggjarane sine.

– Det er viktigare at dei som bur her, trivst og blir verande her, enn at me heile tida skal arbeide for å auke folketalet, som berre eit tal, meiner Nesdal.

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...