Heim Nyhende Vekstkommunar får større kakestykke

Vekstkommunar får større kakestykke

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil auke veksttilskotet til kommunane frå 60 til 340 millionar kroner neste år.

 

Det kom fram under landsmøtet til Høgre i helga, skriv Nationen.

– Kommunar som legg til rette for vekst opplever veksesmerter. For vekst kostar, det skal byggast barnehagar og skular. Dagens system hjelper ikkje kommunane i dette. Det skal vi gjere noko med no, seier Sanner til avisa.

Kommunalministeren ønskjer samtidig å endre kriteria for kven som skal få pengar frå veksttilskotspotten. Tilskotet skal no knytast til den prosentvise folkeveksten i den enkelte kommunen. Fram til no har det gått til kommunar som dei tre siste åra har hatt ein folkevekst som ligg 175 prosent over landsgjennomsnittet.

– Store vert større

Direktør i Kommunesektorens organisasjon (KS) Helge Eide meiner auken i veksttilskotet vil få lita betydning for kommunesektoren.

– Når veksttilskotet no aukar høyrest det ut som mykje pengar, men det er småtteri når ein ser på dei samla inntektene til kommunane. Det som verkeleg betyr noko er veksten i rammetilskota samla sett, seier Eide til Nationen.

KS er samtidig kritisk til at veksttilskotet stort sett går til kommunar i bestemte delar av landet, og trur dette vil bli forsterka når tilskotskriteria no vert endra.

– Slik tilskotet har vore til no, er det berre dei kommunane med prosentvis aller sterkast vekst i innbyggjartal som har fått tilskot, typisk ein del kommunar i det sentrale austlandsområdet og på Nord-Jæren.

Litt fleire kommunar få ein bit av tilskotskaka når kriteria no vert endra, men KS trur desse òg vil liggje i område som allereie er prega av sterk vekst. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...