Heim Nyhende Vi druknar i litteraturprisar

Vi druknar i litteraturprisar

Det meiner rektor ved Westerdals i Oslo, Tom Kvisle. – Prisane har mista mykje av si betydning som eit verkemiddel for å bli sett eller få auka sal som kunstnar, seier han til NRK Kultur og underholdning.

Torsdag skal Stiftelsen Den norske Bokprisen dele ut Brageprisen for 20. gong. Veka etter skal bokhandlarane dele ut Bokhandlerprisen. Heile året kjem prisane: Kritikerprisen, Sultprisen, Amalie Skram-prisen, Aschehougprisen, Oktoberprisen, Den norske leserprisen, Nynorsk litteraturpris og P2 lytternes romanpris er bare nokre av dei 60 prisane som blir delt ut årleg i Noreg.

Mann– 60 prisar er for mange. Veldig få av desse prisane gjer prismottakeren og organisasjonen så synlege som dei ønskjer og kanskje fortener, seier Kvisle.

– Nei, det er eg ikkje samd i. Det er eit mangfald av prisar som treff ulike målgrupper og forfattarar. Vi har prisar for både barne- og ungdomsforfattarar, omsetjarar og debutantar, seier direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, til NRK.

– Nokre av prisane er det jo lesarane sjølve som kårar, Bokhandler-prisen er det bokhandlarar over heile landet som vel ut, andre prisar er det faglitterært råd som bestemmer. Det gir ulik merksemd og treff ulike lesarar, held ho fram.

Leiar i Bragerådet, Kari Marstein, trur ikkje ein vil finne nokre bransjar der det er for mange prisar.

– Vi har kanskje ikkje ein monolitt, men det er bare ein føremon for lesarane. Dei får peika på fleire ulike bøker i løpet av eit år, seier ho.

– Kan Brageprisen bli som den svenske Augustprisen i styrke og kraft?

– Det er ikkje sikkert vi vil bli så spissa som svenskane, som bare har ein pris. Der er det kun ei bok som får all merksemda blant svenske bøker, då forsvinn mange andre, seier Marstein.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...