Høgre sitt landsmøte vedtok i ettermiddag at partiet vil avvikle ordninga med eksamen i sidemål både på ungdomsskulen og i vidaregåande.
Landsmøtet stemde over eit mindretalsforslag om å berre la dette gjelde vidaregåande skule og ikkje ungdomsskulen, men dette forslaget fekk ikkje fleirtal.
Landsmøtet vedtok også å innføre karakterar frå 5. trinn.