Heim Nyhende Startar med snøbrett

Startar med snøbrett

 

Frå hausten av utvidar Sauda vidaregåande skule tilbodet med ei heilt ny ski- og snøbrettlinje. Her skal elevane få opptil 12 timar i veka på ski og snøbrett så lenge det er snø.

Initiativet til denne linja kom fordi skulen opplevde ein nedgang i elevtalet på skulen generelt og til idrettsfag spesielt. Ski- og snøbrettlinja blir ein del av tilbodet på idrettsfag. Nedgangen til idrettsfag er gjennomgåande for heile Rogaland, og avdelingsleiar Svein Einar Nordvik seier dei ønskte å gjere noko med denne trenden.

Snø eit fortrinn

– Målet var å auke tilstrømminga til idrettsfag og samtidig auke importen av elevar inn til regionen vår. Vi måtte då satse på noko som dei andre idrettslinjene i Rogaland ikkje kunne konkurrere med oss på, og då måtte det bli noko med snø og fjell. Vi var i tillegg kjende med at ungdommar både frå Haugalandet og sørfylket kjem til Sauda for å boltre seg i Sauda skisenter i Svandalen, så valet fall derfor på ei ski og snøbrettlinje.

Og det er han glad for. I dag har dei 24 søkjarar til idrettsfag. Av desse søkjarane er halvparten ungdom frå Haugalandet og sørfylket, medan fire av elevane kjem frå andre fylke.

– Det er vi godt nøgde med , seier Nordvik.

No satsar dei på å levere eit så godt produkt første året at søkinga blir enno betre neste år. Målet er å få 20 elevar frå andre stader enn Sauda kvart år.

Alle må med

– Med tanke på at desse elevane blir i Sauda i 3 år, så vil det bli ein god tilvekst både til Sauda vidaregåande og til saudasamfunnet elles. Skal vi klare dette, vil vi trenge gode samarbeidspartnarar også utanfor skulen. Vi tenkjer da på bustader, treningsfasilitetar og fritidstilbod.

Skulen har så langt fått gode tilbakemeldingar frå mellom andre kommunen, vekstselskapet, skisenteret og eit treningssenter som alle er innstilte på å hjelpe til.

– Når det gjeld rekruttering av lærarkrefter med bakgrunn frå ski og snøbrettmiljøet, er vi også her svært optimistiske, seier Svein Einar Nordvik.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...