Heim Nyhende Sauda: Treng endring

Sauda: Treng endring

I Sauda har dei hatt nokre friske rundar på eigedomsskatt i vinter.

Her viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Sauda

sauda

Nytt frå Sauda:
Ny rådmann i Sauda
Startar med snøbrett

Aktuelle lenker:
Sauda kommune
Sauda kommune på Facebook
Ryfylke (lokalavisa)

 

Kommunen har hatt eigedomsskatt på verk og bruk og eigedommar i bymessige strøk, i praksis alt unntatt hytter, i mange år. I vinter vedtok kommunen at alle eigedommane skulle retakserast, og då det var 22 år sidan sist dette skjedde, så vart taksten for dei fleste mange gonger høgare enn i dag.

Det var ikkje det som var hensikta med retakseringa, og det gjekk sjølvsagt ikkje upåakta hen. Innbyggjarane har ikkje lagt skjul på meiningane sine i saka, verken på Facebook, i media eller på den politiske arenaen.

– Når summen vart så mykje høgare på takseringane, så gjekk vi ned frå ein skatt på 7 promille til 4 promille, seier ordførar i Sauda, Frode Nilsen.

Men framleis vart skatten monaleg mykje høgare enn tidlegare, og kommunen enda opp med å setje han ned til 2 promille, noko som har gått betre heim hjå innbyggjarane.

Samstundes føreslår eit fleirtal i kommunestyret å innføre eigedomsskatt i heile Sauda frå 2014, noko som gjer at også hytteeigarane må byrje å betale ein slik skatt.

Likar det ikkje

– Vi har fått reaksjonar frå hyttefolket, ja, seier Sulen. – Eg har mellom anna forstått at somme trugar med å boikotte handelsstanden i Sauda. Eg forstår at dei reagerer, men eg vonar verkeleg ikkje vi får nokon boikott.

Sulen meiner sjølv at ei utviding av eigedomsskatten er rettferdig.

– Sauda kommune er ein omstillingskommune, og vi treng pengane. Dette er den einaste skatten som går rett til kommunane.

Det er no sett i gang arbeid med å taksere alle hytter, og dette skal gjerast i løpet av 2013. Men avgjerda om å innføre ein slik skatt i heile byen er ikkje endeleg teken, det blir gjort i samband med budsjetthandsaminga til hausten.

Blir færre

Som omstillingskommune er Sauda kommune no godt i gang med å slanke det kommunale apparatet. Kommunen har hatt gode kraftinntekter over lengre periodar, og tenestetilbodet har bore preg av ein romsleg økonomi. Kommunen trong likevel rasjonalisere og få budsjetta i balanse. For tre år sidan bestemte dei seg for å ta tak, og Sauda har i løpet av dei to siste åra teke vekk 20 årsverk og spara inn 20 millionar kroner. Enno skal 10 årsverk vekk, og ordførar Sulen medgjev at innbyggjarane nok har fått merke at stoda har blitt ei anna.

– I Sauda har vi opp gjennom tidene vore vane med at kommunen og smelteverket skulle ordne opp i det meste, seier Sulen.

Optimisme

Slik er det ikkje lenger. Kommunen, som fekk bystatus i 1998, kan ikkje lenger berre leve på industrien. Sauda har ikkje fødselsoverskot gjennom året, og folketalet fell. Men det er gode krefter i sving, mellom anna gjennom prosjektet Adresse Sauda, som har som føremål å få unge folk til å flytte heim.

Det å finne og synleggjere attraktive arbeidsplassar er ei utfordring kommunen jobbar med kontinuerleg, lovar ordføraren. Kommunen har dessutan fått statlege omstillingsmidlar, som utgjer 2 millionar kroner i året, i tre år. Dette er pengar som skal brukast til å utvikle nye og eksisterande arbeidsplassar.

Og optimismen og framtidstrua er stor. Kommunen har nyleg vedteke å byggje eit utebad i tilknyting til symjehallen og elva. Utandørsbadet blir ein slags slektning til det tidlegare utebassenget som i si tid vart reist i tilknyting til smelteverket, som så mykje anna i Sauda.

Badet har ei kostnadsramme på om lag 17 millionar kroner, og kommunen har løyvd halvdelen, altså 8,5 millionar kroner, under føresetnad av at resten blir finansiert privat eller på andre måtar. Kommunen har i tillegg nyleg vedteke å ruste opp det gamle Folkets hus slik at det kan fungere som kulturhus i Sauda, og med det gje kommunen ei etterlengta storstove for alle dei frivillige kreftene som finst i byen.

Ut i regionen

Sauda ligg plassert inst i Saudafjorden og har vegsamband mot Røldal i aust og mot Suldal og Vindafjord i sørvest. Ein gammal framtidsdraum som ordførar Sulen kunne tenkje seg å blåse liv i, er vegutløysing mot Etne i Hordaland. Ein ny tilkomst nordvestover med tunnel gjennom fjellet til sunnhordlandskommunen vil gjere vegen til Haugesund og haugalandsregionen monaleg kortare, og ein haugesundstur vil ta 65 minutt, mot 105 minutt i dag.

Det vil opne for ein heilt ny arbeidsmarknad for saudabuen, meiner Sulen. Ein sprekare og kortare veg vil dessutan gjere livet lettare for næringslivet, som er avhengige av gode transporttilhøve ut og inn av kommunen. Det har vore stilt rundt desse vegplanane ei stund no, men Sulen fortel at dei no har sett ned ei gruppe som skal jobbe med å få dei opp på bordet att. Han har hatt to møte med Vegvesenet i Haugesund, og han jobbar no for å få teke saka opp i det interkommunale selskapet Ryfylke IKS.

– Dette må vi jobbe for. Denne vegen er viktig for oss i Sauda, avsluttar Frode Sulen.

 

Førre artikkelStartar med snøbrett
Neste artikkelHistorisk leiarsamling

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...