Heim Nyhende Vil betra forholda for kvensk

Vil betra forholda for kvensk

Troms Arbeiderparti føreslo på årsmøtet at kvensk språk skal ha dei same rettane som samisk. Forslaget blir tatt godt imot.

Den samiske avisa Ságat skriv på leiarplass: «Dette er en flott håndsrekning til et broderfolk fra Tromsø Ap og gjenvalgt leder, Bjørn Inge Mo. Vedtaket er raust og inkluderende, akkurat som det bør være overfor et minoritetsfolk som sliter med store utfordringer i forhold til å bevare sin egenart i det norsk og samiske storsamfunnet i nord».

Ságat peikar også på at avisa gjerne skulle sett at det kom fleire heilhjarta støtteerklæringar frå Sametinget si side: «I stedet aner vi en frykt for at samisk vil lide dersom kvænsk språk får høyere status. Det er i så fall smålig».

Troms Ap føreslår at regjeringa må oppgradere kvensk språk frå nivå to til nivå tre i det europeriske språkcharteret. Då vil staten ha det same ansvaret for kvensk språk som for samisk i dag. Årsmøtet til Troms Ap føreslår vidare å styrke undervisinga om samisk og kvensk kultur i skulen og at det skal bli utvikla meir læremiddel for kvensk og samisk i barnehagen. Dei ønskjer også å styrke kompetansen til lærarane på desse områda.

– Gode forslag som gjerne kan gå hand i hand. Vi trur det vil styrke både samesaka og kvensaka om ein foreiner kreftene i langt større grad enn kva som har vore tilfelle så langt, skriv Ságat.

Kvænsk eller kvensk språk er eit språk som blir tala i delar av Finnmark fylke av etterkomarar av finskspråklege menneske som kom til Nord-Troms og Finnmark frå Tornedalen mellom Sverige og Finland og frå Nord-Finland. Språket er basert på finsk, men har ei rekkje norske låneord, ifølgje Wikipedia.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...