Heim Nyhende Utval tilrår boklov med fastpris

Utval tilrår boklov med fastpris

Noreg bør få ei boklov med fastpris, og e-bøker bør ha same låge moms som papirbøker.

Dette er tilrådingane i ei utgreiing om litteraturpolitiske verkemiddel i Europa som vart overlevert kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) fredag.

– Dei analysane og studiane vi har tilgang til konkluderer gjennomgåande med at boklover best sikrar kulturpolitiske mål, er konklusjonen i utgreiinga, som har vore leidd av professor Helge Rønning og professor Tore Slaataa.

Utgreiinga er bestilt av Kulturdepartementet og har tittelen «Til bokas pris». Den ser på litteraturpolitiske verkemiddel i 15 europeiske land. Ni av dei har boklov med fastprisvedtak, seks har friprissystem.

 

Avviklast

Det som no vert greidd ut er kva som skal erstatte dagens fastprisordning for bøker.

– Det er klart at bransjeavtalen ikkje kan fortsetje. Det godtek ikkje EU. Då er alternativa fripris eller boklov. Vurderinga vår er at boklov med fastpris mellom anna best fremjar breidda i litteraturen. Vi tilrår òg at e-bøker bør inn i ei boklov, og at e-bøkene skal ha same momssats som papirbøker, seier Helge Rønning til NTB.

Etter rapporten er boklov det einaste politiske reguleringsinstrumentet som vil bli godteke av EU.

– Slike lover blir sett på som nasjonale og dermed kulturpolitisk grunngjevne. Dei blir derfor ikkje råka av EUs kritikk av konkurransehindringar, slik bransjeavtaler om fastpris har vorte. Bransjeavtaler er ikkje gangbar politikk i Europa, og Noreg må enten velje mellom boklov eller fripris, heiter det i rapporten.

 

– Breitt grunnlag

Både Forfatterforeningen og Forleggerforeningen ønskjer fastpris.

– Vi er livredde for å miste fastprisen, sa leiar Anne Oterholm i Forfatterforeningen til NTB då det i fjor vart klart at Anniken Huitfeldt ville setje i gang utgreiingsarbeidet.

I «Til bokas pris» vert det konkludert med at rettane til forfattarane vil vere betre beskytta i eit fastprissystem. Utgreiarane har òg sett på om fripris eller fastpris vil fremje konsentrasjonen i bokbransjen, og konkluderer med at det her ikkje verkar å vere forskjell på dei to ordningane.

Rapporten er ei tilleggsutgreiing til Oslo Economics» utgreiing av litteratur- og språkpolitiske verkemiddel i Noreg som vart overlevert 30. desember i fjor.

– Vi har no fått eit godt og breitt grunnlag for å utvikle den norske litteraturpolitikken, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Rapportane er sendt på høyring med frist 16. april. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...