Heim Nyhende Vil byte til bokmål i kyrkja

Vil byte til bokmål i kyrkja

11. oktober skal Straumsnes Sokn i Indre Nordmøre røyste over om dei skal halde fram med nynorsk som liturgispråk, eller om dei skal byte til bokmål.

Soknerådsleiar Randi Tøvik og sokneprest Cathrine Grutle kunngjer dette i eit innlegg på nettstaden tingvoll.net.

Frå gamalt av har målformen i Straumsnes sokn vore nynorsk, men dette har endra seg. Straumsnes oppvekstsenter har brukt bokmål som målform dei siste 25 åra, opplyser dei to representantane frå Straumsnes Sokn.

Soknerådet i Straumsnes meiner nå at tida er mogen for å debattere om ein skal halde fram med nynorsk, eller skifte til bokmål.

Bakgrunnen for at dette kjem opp nå, er at det skal innførast ny gudstenesteordning første sundag i advent.

Den andre forklaringa heng saman med utbygginga av kyrkja si trusopplæring i soknet.

– Vi erfarer at barn og unge i bygda slit med å tileigne seg kunnskap og forståing om si eiga kyrkje og tru, når materiell og gudstenester føregår på nynorsk, skriv Tøvik og Grutle.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...