Heim Nyhende Vil ha betre kommunar

Vil ha betre kommunar

Kommunalminister Liv Signe Navarsete inviterer kommunane til å bli med i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. Programmet skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråver, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme.

 

Ministeren har med seg KS og forhandlingssamanslutningane på laget.

Vi ønskjer å stimulere kommunane til gode lokale prosjekt på desse viktige områda. Slik kan dei skape endå betre tenester til innbyggjarane sine. Som deltakar i ”Saman om ein betre kommune” vil ein kunne styrke kommunen sitt utviklingsarbeid, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Eit hovudformål med programmet er at det skal medverke til nasjonal fornying. Programmet skal systematisere ny kunnskap frå dei lokale tiltaka som kan spreiast til andre norske kommunar.

Deltakarkommunane vil få tilgong til ressursmiljø og eit fagleg fellesskap med andre kommunar. Det er også aktuelt med økonomisk støtte til gjennomføring av prosjektarbeidet. 

Kommunane må sikra god lokal forankring av arbeidet blant folkevalde, administrative leiarar og medarbeidarar/tillitsvalde.

– Vi vil velje ut kommunar med ein sterk motivasjon, tydelege mål og konkrete tiltak til å delta i programmet, seier Liv Signe Navarsete.

Programmet startar opp andre halvår 2011. Kommunar kan gå i lag om prosjekt og fremje felles søknad.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...