Heim Nyhende Vil ha eigen kystoffensiv

Vil ha eigen kystoffensiv

Stortingspolitikarar på tvers av benker og komitear går no saman i ein eigen allianse som skal tale kysten si sak.

Det er Arbeidarpartiet sine folk frå Aust-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som etter initiativ frå Helga Pedersen no skal danne ei kyst-gruppe. Dei femten representantane sit i dag i komitear som spenner over nesten alle fagområda til Stortinget, og gruppa skal leiast av Magne Rommetveit frå Hordaland.

 

– Vi femten skal ha faste møte for å definere saker og leggje strategiar for korleis vi kan leggje fram kysten sine saker for nasjonalforsamlinga på ein betre måte, seier Rommetveit. – Tanken er naturlegvis at sakene våre vil stå sterkare når vi gjer dette samla.

Kva saker gruppa skal jobbe med, har dei enno ikkje klart føre seg. Først og fremst er det no viktig å få fylkespartia på banen. Etablerte organisasjonar, interkommunale samarbeid og kommunane sjølve blir òg viktige i ein slik samanheng, for å gje sakene lokal forankring, seier gruppeleiaren. Men områda som peiker seg ut som aktuelle, er næring, energi og samferdsle. Her er det mykje å ta tak i kring kraftproduksjon og maritime og marine næringar, meiner han.

– Dette vil òg dreie seg om å peike ut kva som er viktig for folk langs kysten. På denne kyststripa har folk til dømes eit heilt anna forhold til strandsonepolitikk enn folk i indre Oslofjord. Areala som er til rådvelde, er av eit anna omfang, og vi bruker strandsona på ein annan måte enn ein gjer på Austlandet. Slike ting blir viktige å få fram.

No skal gruppa, som har fått ein rådgjevar på full tid til disposisjon, jobbe fram dei sakene dei vil fronte, og Rommetveit reknar med det vil nærme seg jul før dei er på plass med noko konkret.

Førre artikkel– Kommunane må melde frå
Neste artikkelHeilt rett?

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...