Heim Nyhende Vil ha lik rett for alle

Vil ha lik rett for alle

Elevar på private vidaregåande skular har ikkje lovfesta rett til nynorske læremiddel slik andre elevar har. – Det bør dei få med det aller første, krev Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

sture
– I eit språkleg likestilt land som Noreg bør den retten realiserast for alle, uavhengig av kven som eig skulen eller kva studieprogram eleven har valt, meiner Vebjørn Sture i Norsk Målungdom. (Foto: Odin Omdal Hørthe / NMU)
Alle skuleelevar i vidaregåande skule har rett på å få sine læremiddel til same tid og til same pris, uavhengig av kva målform dei nyttar. Den retten har dei hatt sidan lova vart innført på syttitalet. Men elevar i private vidaregåande skular har ikkje denne retten, og den gjeld heller ikkje for læremiddel i fag med årskull på mindre enn 300 elevar.  

Norsk Målungdom vil no at denne retten skal utvidast til å gjelde alle.

– Det er ikkje mange dagar igjen til endå eit årskull med nynorskelevar får møte språkkuing i praksis. Nokre kjem til å byrje på privatskular, andre kjem til å byrje på små yrkesfag, og mange av desse kjem til å få læremiddel på feil mål. No må regelverket strammast opp og pengane kome på plass, slik at vi kan gjere dette til den aller siste hausten der nynorskelevar blir tvungne over til bokmål ved skulestart, forlangar leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture.

Han etterlyser logikken i at dei individuelle rettane til elevane berre gjeld når dei tar vanlege fag på offentlege skular.

Sture peiker på at stoda for elevar flest, som i mange år opplevde å ikkje få nynorskbøker i tide til skulestart, har blitt betre. No meiner han det er på tide å gje alle elevane like vilkår.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...