Heim Nyhende Lokalavisa etterlyser meir nynorsk

Lokalavisa etterlyser meir nynorsk

Lokalavisa Bømlo-nytt etterlyser meir nynorsk i kommunen. 

 

– Me saknar fokus på det nynorske språket i Bømlo kommune, skriv avisa Bømlo-nytt på leiarplass.

Dei legg samstundes vekt på at saksdokument og andre offentlege dokument som vert skrivne i Bømlo kommune framleis er på nynorsk, men ettersom fleire kommunale førtak vert sett ut, blir også det nynorske språket i følgje avisa meir og meir utvatna. 

Dei peikar til prisen Årets nynorskkommune som Kommunal – og regionaldepartementet i samarbeid med LNK deler ut til kommunar som ynskjer å stimulere til god nynorskbruk. 

Les også: Kven blir Årets nynorskkommune 2012? 

– Me vil oppmode politikarane våre om å hente fram den gamle målbruksplanen, gå gjennom og revidere han. Set fokus på det nynorske språket og kulturen i Bømlo. Om det er slik at denne prisen til beste nynorskkommune skal stimulere til betre nynorskbruk i kommunane, bør Bømlo få søknaden av garde med ein gong, skriv avisa. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...