Heim Nyhende Vil ha meir sakprosa på nynorsk

Vil ha meir sakprosa på nynorsk

Samlaget og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) inviterer til eittåring sakprosakurs for nynorskskrivande.

Sakprosaredaksjonen i Samlaget innbyr i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) til eit forfattar- og prosjektrekrutterande sakprosakurs. Dette er ei satsing som går over eitt år, og som begynner i november.

Både NFF og Samlaget har i fleire år merkt seg at det kjem ut påfallande lite fag- og sakprosalitteratur på nynorsk, og vil med denne sakprosaskulen invitere ope til ideinnspel og forslag til nye bokprosjekt.

Det er første gong eit slikt kurs blir arrangert. Samlaget og NFF stiller opp med lokale, lærarkrefter og finansiering. Samlaget håper på at mange melder seg, og at forlaget får inn eit stort mangfald av ulike prosjekt og nye forfattarar.

– Det kjem årleg ut svært få sakprosatitlar på nynorsk. Grunna fordommar både i forlag, bokhandel og formidlingsledd er somme skribentar som elles nyttar nynorsk, jamvel blitt overtalte til å skrive sakprosabøkene sine på bokmål. Også etablerte forfattarar treng trening og skulering i å skrive og utvikle nynorsk sakprosa, men hovudføremålet med dette tiltaket er nyrekruttering, seier Sverre Tusvik, redaksjonssjef i Samlaget, i ei pressemelding.

Kurset blir administrert av sakprosaredaksjonen i Samlaget Litteratur, Bente Riise, Cecilie Seiness og Sverre Tusvik. Ein skal også ha eksterne kurshaldarar, men hovudvekta blir økter med intenst tekstarbeid på og mellom dei fire helgesamlingane. I tillegg til forlagsredaktørane er Brit Bildøen, Ottar Grepstad og Arnhild Skre engasjerte innleiarar og aktive konsulentar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...