Heim Nyhende Vil ha meir språkrøkt

Vil ha meir språkrøkt

Leiaren i Norsk Oversetterforening, Cecilie Winger, ber språkrådet sin nye direktør, Arnfinn Muruvik Vonen, om å setje språkrøkt på dagsordenen. Ho får støtte av Riksmålsforbundet.

– Aldri før har det norske språket utvikla seg like hurtig, og dét utan at språkbrukarane har tydelege korrigerande rettesnorer, seier Cecilie Winger i eit innlegg i Aftenposten.

Ho peikar på at interessa for språkrøkt var større før.

– Avisene legg ned sine korrekturavdelingar. Lærarane rettar ikkje like flittig. Instansen som skal skilje klint og kveite har falle bort. Det er ikkje lenger noko ideal å skrive korrekt. Alt er lov. Det viktigaste er gleda over å utrykkje seg, held ho fram.

Ho viser til at alle i dag er potensielle kulturprodusentar med eigne bloggar, deltaking i nettdebattar og gjennom sosiale medium.

– Dette skjer gjerne nedrabla på eit haltande norsk, med ein dialektal ortografi som ville gjere Hans Jæger stolt, men som gir mange profesjonelle språkbrukarar rykningar rundt augo og ufrivillige spasmer i raudblyanthanda, slår Winger fast.

Ho får bastant støtte frå Trond Vernegg, som er formann i Riksmålsforbundet. Han vil at staten skal gripe inn og utvide momsfritaket.

– Fritaket frå meirverdiavgifta må bli utvida til e-bøker og digitale medium. Norskundervisninga må styrkast, og staten bør bidra til fleire språkrøkttiltak, meiner Vernegg.

Han oppmodar også andre språkinstansar til å engasjere seg.

– Vi håpar at Arnfinn Muruvik Vonen og Språkrådet, Noregs Mållag og alle andre med interesse for norsk språk vil vere med på eit lyft som må til for å setje språkrøkt på dagsordenen. Det dreier seg om noko så viktig som norsk språk og kultur, sluttar formannen i Riksmålsforbundet.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...