Hordaland Teater ønskjer å leige Logen Teater midt i Bergen sentrum.
Men det kan koste regionteatret, ifølgje Bergens Tidende. Hordaland Teater må truleg ut med ein solid kompensasjon for å løyse ut noverande leigetakar og overta leigekontrakten. Kostnaden knytt til å klargjere bygget er sett til kring ti millionar kroner. Teateret er no i dialog med både eigar og leigetakar.
Hordaland Teater spelar på nynorsk og dialekt og er særleg retta mot born og unge. Dei held no til i Fana, men har i fleire år prøvd å finne ei lokalisering i sentrum av Bergen, skriv BT. (©NPK)