Heim Nyhende – Rassikring vil bety liv eller død for mange bygder og bedrifter

– Rassikring vil bety liv eller død for mange bygder og bedrifter

– Til sjuande og sist kan manglande rassikring føre til fråflytting, meiner administrerande direktør i båtbyggjarverksemda Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa.

 

Verksemda i Hyen i Sogn og Fjordane har hatt suksess med produksjon av hurtiggåande båtar i karbon. Under rassikringskonferansen i regi av Nasjonal rassikringsgruppe denne veka fortalde administrerande direktør Tor Øyvin Aa om kva utfordringar rasutsette vegar har gitt verksemda.

Stengingar eit problem

– Vi er 130 tilsette inst i Hyefjorden, ein trong fjord der det går mykje ras, fortalde Aa.

Både vegane sørover og nordover er rasutsette. Vegen nordover mot Sandane er fartsåre for kring 60 av dei tilsette. Rasstengde vegar har kosta verksemda.

– Vi prøver å vere internasjonalt leiande og jobbar kvar dag for å effektivisere produksjonen. Tidlegare var det mange stengingar og det var eit veldig problem, særleg om vinteren, fortel han.

Tap av arbeidstimar

Ein arbeidsdag gjekk fort når rasa skulle ryddast.

– Det betyr at 500 arbeidstimar fort forsvann på grunn av stenginga. Eit år hadde vi opptil 17 stengingar, fortel Aa.

Rekruttering til verksemder med usikre arbeidsvegar kan òg vere utfordrande, peiker leiaren på.

– Til sjuande og sist kan manglande rassikring føre til fråflytting, seier Aa.

Verdiar

Det kan vere dyrt å byggje rassikring til småplassane, men mange bygder skapar store verdiar, viser han til.

– Det gjeld nordpå og mange plassar. Det blir skapt store verdiar. Ein har gjerne ikkje råd til å investere i rasoverbygg. Eg spør, har ein råd til å la vere?

Bedriftsleiaren har sjølv hamna midt i eit ras langs Hyefjorden. Det tok tre dagar å rydde opp etter raset. No har det kome rasvoll og rasoverbygg på staden.

– No har vi ein mykje sikrare veg. Og det ser fint ut også. Eg vil påstå at rassikring vil bety liv eller død for mange bygder og bedrifter, sluttar Tor Øyvin Aa.

Fakta om rassikringskonferansen

* Rassikringskonferansen blei halden i regi av Nasjonal rassikringsgruppe.

* Gruppa blei oppretta i 2001 med medlemmer frå dei sju mest rasutsette norske fylka: Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland, Troms, Finnmark, Nordland og Rogaland. I 2014 blei også Oppland medlem.

* Målet til Nasjonal rassikringsgruppe er at alle offentlege vegar i Noreg skal vere sikra mot ras innan år 2030.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...