Heim Nyhende Snakkar enkelt om vanskeleg litteratur

Snakkar enkelt om vanskeleg litteratur

Godt nynorsk språk og sterk formidlingsevne gjer den profilerte litteraturkritikaren og kulturjournalisten Marta Norheim til vinnar av Kringkastingsprisen for 2014.

 

Prisvinnaren ville verken seie at ho blei «veldig, veldig glad» eller «sjukt glad» for å få Kringkastingsprisen då han blei overrekt på Det Norske Teatret onsdag.

– Eg vil seie på godt nynorsk at det var ovleg gildt å få Kringkastingsprisen for 2014. Takk!, sa Marta Norheim.

– Kulturprodukt

– Dette er jo ein pris som går direkte på det eg driv med til dagleg, nemleg å snakka på nynorsk i radio. Heilt ærleg er det 85 prosent nynorsk, ti prosent dialekt og fem prosent knot, fortalde Norheim.

For språket varierer etter kven ein snakkar med og situasjonen ein er i, peikte litteraturkritikaren på i takketalen.

– Eg er oppteken av dei språklege rollene vi går inn. Språk er ikkje natur, men eit fantastisk kulturprodukt skapt gjennom hundretusenar av år.

Språket som fenomen verkar sjølvsagt til ein begynner å tenkje over det, meiner ho.

– Vi kan overleve om det skjer ein reduksjon av språk eller artar. Men kva som blir borte når dette skjer, er vanskelegare å få oversikt over. Språk er meir enn ein effektiv måte å formidle informasjon på, sa Norheim.

Vekkjer «sovande» ord

På mikronivå dreier dette seg om ord. Sjølv har ho nokre gonger hatt gåande ein minikampanje for å finne og vekkje sovande ord som”ofse» og «melsdagar».

– Det er heilt greie ord du sjeldan høyrer. Ikkje fordi fenomena eller tinga ikkje finst lenger, men fordi ordet er ute av bruk.

– Eg trur ikkje på ei liberal tilnærming til språkutvikling. Eg trur ord blir borte fordi nokre språk dominerer. I språkbruk apar og hermar vi, og slik må det vere. Men det er ikkje det same som å la ord eller formuleringar gå i gløymeboka. Eg trur prisen har inspirert meg til å ta opp att sovande ord, sa Norheim under utdelinga.

Fagleg tyngd

I grunngjevinga for prisen blir det vist til at NRK-veteranen i ei årrekkje har sytt for god, normalisert nynorsk i radio, samtidig som ho har fagleg tyngd innan litteraturfeltet. Lyttaren stolar på det Norheim seier, meiner juryen.

– Kombinasjonen av fagleg kunnskap og evne til å formidle på eit klart og usnobbete språk gjer at Norheim snakkar til folk som liker å lese, rett og slett, heiter det i grunngjevinga frå Kringkastingsringen.

Vil snakke enkelt om litteratur

Å formidle «enkelt og greitt» er noko litteraturkritikaren legg vekt på.

– Radio er eit massemedium. Litteratur er noko både alle har eit forhold til, men òg eit fagområde. Det er veldig greitt å ikkje bruke faguttrykk. Eg er også oppteken av å snakke enkelt om vanskeleg litteratur. Mange har unødig høg respekt eller frykt for vanskelege bøker. Det er ikkje farleg om ein ikkje forstår alt. Ein skal ikkje forstå alt. Det er greitt å snakke slik om bøker, seier Nordheim.

Populær litteraturkritikar

Juryen peiker òg på at Norheim ikkje først og fremst er nynorskbrukar, men ein fagleg sterk litteraturkritikar med ei svært god evne til å formidle.

– Nett derfor er ho ein god og viktig representant for nynorsken. Ho har gjennom fleire år brukt eit godt nynorsk språk som verktøy i formidling, og ho har med dette vorte ein av dei mest populære litteraturkritikarane i dag.

Å bruke nynorsk som verktøy er sjølvsagt for Norheim, som opphavleg kjem frå Voss.

– Eg kjem frå kjerneområdet for nynorsk. Det som ville vore veldig rart var dersom eg skulle snakke bokmål på radio. Ikkje fordi det er eit dårlegare språk, men det er ikkje det er det eg har vakse opp i. No har eg bikka over i nynorsk med ein dialektdel på ti prosent, seier Marta Norheim.

Fakta om Kringskastingsprisen

* Kringkastingsringen har delt ut prisen kvart år sidan 1978. Organisasjonen arbeider for at «nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og media elles».

* Tidlegare vinnarar er mellom andre Ingunn Solheim (2013), Knut Magnus Berge (2012), Morten Sandøy (2011), Yasmin Syed (2009), Ingerid Stenvold (2007) og Are Kalvø (2005).

* Prisen går til «ei røyst i eteren som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet».

* Vinnaren får eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

(Kjelde: Kringkastingsringen)

Fakta om Marta Norheim

* Fødd på Voss i 1955.

* Norheim er utdanna cand. philol ved Universitetet i Oslo.

* Ho har vore tilsett i NRK sidan 1987 og arbeidd med kulturstoff i radio og fjernsyn. Norheim har særleg spesialisert seg innan litteraturfeltet.

* Har også vorte tildelt den prestisjetunge kritikarprisen i kategorien Årets kritikar i 2002, var mottakar av Olav Dalgards kritikarpris i 2009 og Språkprisen i 2012. (Kjelde: Kringkastingsringen) (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...