Heim Nyhende Vil ha Wordfeud på nynorsk

Vil ha Wordfeud på nynorsk

Eid Målungdom og Eid kommune ber LNK ta initativ til å få på plass ei nynorsk utgåve av spelet Wordfeud.
– Når ein ser at bruken av smarttelefonar aukar så mykje, er det også viktig at det finst nynorske tilbod på desse, seier Svein Olav Langåker i LNK.

Han viser til at det i dag er svært få nynorske app’ar.

– Eg håpar at det ikkje bli så lenge til Wordfeud er å finne også på nynorsk, slår Langåker fast.

– Enno finst ikkje Wordfeud i nynorskversjon. Det gjer at tusenvis av nynorskbrukande born og unge ikkje får bruke eige språk i sin språkleik på nettet. Samtidig vil ein nynorsk versjon av Wordfeud gi born og unge med bokmål som hovudmål ein ny mulighet til å trene seg i å skrive nynorsk. Det ville for mange vere ei kjærkomen avveksling frå den tradisjonelle norskundervisninga på skulen, skriv Eid Målungdom og Eid kommune i brevet til LNK.

Wordfeud er eit ordspel a la Scrabble for smarttelefonar. Spelet har det siste året blitt enormt populært i Noreg og er no lasta ned av nær 1 million nordmenn. For mange, særleg born og unge, er Wordfeud eit effektivt og kjekt verktøy å bli betre i språk, ordforråd og rettskriving.

– Vi trur ein nynorsk versjon av Wordfeud raskt kan bli eit godt hjelpemiddel i norskopplæringa i grunnskulen, uansett om elevane har nynorsk som hovudmål eller sidemål. Det er ein viktig grunn til at vi meiner Landssamanslutninga av nynorskkomunar bør engasjere seg for å få Wordfeud på nynorsk. Wordfeud er utvikla og eigd av ein norsk programvareutviklar,  heiter det vidare i brevet.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, meiner dette er ei viktig sak.

– Wordfeud har blitt utruleg populært på kort tid,og det ligg mykje god potensiell rettskrivingstrening i programmet. Den elektroniske språkbanken som Wordfeud gjer seg nytte av i bokmålsversjonen er også tilgjengeleg i nynorskversjonen. Og utviklaren har sjølv sagt at det skal kome språkversjonar. Så dette ser me fram til å jobbe med, seier Høviskeland.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...