Venstre vil halde på sidemålsundervisninga og vurderer å innføre sidemålsundervisning i grunnskulen. Det kom fram på Venstres landsmøte som vart halde i helga.
Partiet vil halde på at det skal vere eigen karakter i sidemålsopplæringa, melder Framtida.no. Venstre ønskjer dessutan at elevane skal få tilbod om fleire språk enn dei gjer i dag, og seier dei må få velje også i ikkje-europeiske språk. Partite vil innføre obligatorisk andre frammandspråk frå og med 5. klasse.