Heim Innspel Once in a blue moon

Once in a blue moon

– Norsk når du kan, engelsk når du må, seier språkdirektørane. Overskrifta er slik sett i grenseland, men av og til er engelsk eit fargerikt språk, sjølv om Noregs Mållag vil hevda at «nynorsk is a better language.» Me kunne sjølvsagt ha skrive «så godt som aldri.»

For det skal handla om språkstatistikk. I sist utgåve av LNK-avisa fortalde me om nynorskkommunar som får så godt som alt tilfang frå departementa på bokmål, sjølv om dei har krav på å få alt på nynorsk. – Statsorgana må sørgje for at dei betrar praksisen sin og følgjer opp sitt eige lovverk. Det bør vere sjølvsagt at statsorgan skriv brev og e-postar på den målforma som kommunen har valt. Det er alvorleg at statsorgana ignorerer språkvala til kommunane, seier fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland. Ho oppmodar kommunane om å klaga på den departementale praksisen.

For det er eit tankekors at berre 14 % av kommunane seier at dei har klaga på desse lovbrota. Mange av dei som klagar, sender dessutan klagen sin direkte til det organet som bryt lova, utan å senda kopi til Språkrådet eller LNK. Det er lett å tenkja seg at slike klagar aldri når fram til dei som har det overordna ansvaret for språk i staten.

Det er òg grenser for kor lenge ein språkbevisst rådmann eller etatsjef orkar å bruka tid på å klaga, når det kvart år vert dokumentert at det rett og slett ikkje fører til haldningsendringar i staten. I mars la Kulturdepartementet fram Språkstatistikk for departementa for 2010. Dette er eit årvisst ritual som gong på gong dokumenterer at mållova ikkje fungerer optimalt så lenge ho ikkje har sanksjonar knytt opp mot seg. Berre knapt halvparten av departementa oppfylte den lovheimla minimumskvoten på 25 % av kvar språkform i stortingsdokumenta sine. Gjennomsnittet for dei siste seks åra viser om lag 23 %. Det er ei mager trøyst at det var endå verre før …

Statistikken for «andre dokument» er òg trist lesnad: I kategorien «dokument over 10 sider» er nynorskprosenten 9 % , medan tilsvarande tal for kortare dokument er 21 %. I ei pressemelding om saka kommenterer Kulturdepartementet statistikken lakonisk: «Det er likevel ingen tvil om at det gjennomgåande blir brukt nynorsk altfor sjeldan når departementa produserer dokument som brosjyrar, rettleiingar, rapportar, større høyringsbrev og liknande.» Pressemeldinga er på nynorsk. Det er då noko.

Dersom me legg bak oss ein mistanke om at det er vond vilje eller likesæle som kjem til uttrykk i undersøkinga over og i språkstatistikken frå Kulturdepartementet, står me att med ei sannsynleg årsaksforklaring: manglande språkkompetanse i departementa. Stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008 er ofte god å ty til. Der heiter det:

– Departementet vil ta initiativ til å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten.

– Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.

– Det blir lagt opp til at statlege organ skal ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde krav om bruk av nynorsk og bokmål.

Når departementa ikkje klarar å levera tenester dei er pålagde, ventar me at Riksrevisjonen grip inn. Når departementa ikkje klarar å levera tenester dei er pålagde innafor fagområdet språk, ventar me på den blå månen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...