Eit departement har tildelt driftstilskot for 2011 til eit regionalt, offentleg tiltak, løyvd med 3 millionar kroner frå ein nærare spesifisert post som det er referert til i Proposisjon 1 S. Det er ingenting å setja fingeren på, alt ser ut til å vera regelrett og riktig gjort, vurdert og utført. Likevel, må det bli gjort så omstendeleg, og så høgt opp i hierarkiet?
Det blir føresett at søkjar følgjer føresetnadane, krav til rapportering, økonomiforvaltning og kontroll, som er spesifisert i godkjenningsbrevet, og som er vedlagt retningsliner for økonomiforvaltning og kontroll, med mål når det gjeld forvaltning, forsking, formidling, fornying. Her er m.a. rapportering ei gjentakande del-overskrift. Departementet presenterer dei politiske mål, utfordringar og satsingsområde.
Neste kapitla i brevet gjeld økonomiforvaltning og kontroll. Nettskjema skal inn til departementet med årsrapport for rekneskap. Rekneskapen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen må vera revidert.
Resultatrapporten skal gjera greie for måloppnåing med utgangspunkt i dei mål og rapporteringskrav som ligg føre. Denne rapporten vil vera grunnlag for rapportering frå departementet til Stortinget. Dei tre siste av dei 12 sidene med godkjenningsbrev er retningslinene for økonomiforvaltning og kontroll.
Takk og pris for pengane. Utan hadde ikkje det vore greitt. Men må vi vera så omstendelege? Politisk styring er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn. Nå har departementet rett nok i retningslinene lempa på kravet om spesifikk stadfesting frå revisor når tilskotet er under kr 400 000. Likevel; revisor har da kommunerekneskapen til behandling og godkjenning. Vi har kontrollutval, og vi har lokale styringsorgan med sine administrasjonar.
All detaljert opplisting av vilkår og krav, godkjenning og rapportering har også ein pris. Er det formålstenleg med slike prosedyrar sett i høve til konkret handling til nytte for den og dei som tiltaket er tiltenkt? Prosjektbasert forvaltning synest å avle ekstra med byråkrati og rapportering.
Dette er langt frå rammeoverføring. Kan det vera statleg forvaltning på lokalt nivå eller øyremerking?
Tor Bergum er avdelingsleiar i Gol kommune