Heim Nyhende Leseboka fram i lyset

Leseboka fram i lyset

Sveinung Nordstoga, førstelektor ved Høgskulen i Telemark, har skrive ei avhandling om den første leseboka på landsmål: – Eg synest det er viktig å løfte leseboka fram i lyset, då den på mange måtar skilde seg ut i si samtid.

Lesebok for folkeskulen av Andreas Austlid kom ut i tre bind i perioden 1902-1906. Ideen bak boka kom til han under ei alternativ konfirmantundervisning, der både han og elevane fortalde om episodar i liva deira.

Moderne skriveform

– Det er livshistoriene som gjer at denne boka skil seg ut, meiner Nordstoga.

I Lesebok for folkeskulen har Andras Austlid samla inn historier frå kjende og ukjende personar, i tillegg til å nytte seg av den munnlege bondekulturen han sjølv var ein del av.

– Med å ta i bruk folkeminne og sjølvhistorier minner Austlid sin skrivestil i stor grad om den moderne sjølvbiografiske iscenesetjinga.

Austlid har også nytta seg av tekstar frå kvinner i ei mykje større grad enn det som vanleg på den tida. Av tekstane kjem det mellom anna fram at han meiner at gutane burde læra seg å sy og brodera.

– Boka blei godt motteken, då folk var glade for å endeleg få ei lesebok på landsmål, seier Nordstoga, som fortel at Austlid si lesebok likevel kom i skuggen av Nordahl Rofsen.

– Boka ber preg av at fleire redaktørar var involverte i arbeidet, og difor sprikar innhaldet i denne boka meir enn det Austlid kanskje skulle ynskje.

Nynorskpioner

Den første nynorske leseboka kom ut i ei tid då det norske samfunnet var i stor endring.

– Austlid var på mange måtar med på å leggje grunnlaget for normeringa av nynorsken. Han var til dømes ein av dei første som haldt kurs for andre lærarar.

I tillegg til å seie mykje om det nynorske kulturfellesskapet, byr boka på historier frå det heimlege og det sosiale fellesskapet. Austlid har mellom anna samla inn historier om Henrik Wergeland og utvandringa til Amerika.

– I dag har boka hovudsakleg ein kulturhistorisk verdi, men eg ser ikkje vekk i frå at den kan bli brukt i undervisninga dersom ein ser tekstane utifrå ein slik samanheng, seier Nordstoga.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...