Heim Nyhende NRK byr på vaffelhjarte

NRK byr på vaffelhjarte

Maria Parr si barnebok Vaffelhjarte blir vist på NRK Super denne hausten. – TV-serien er med på og gje historia ein annan dimensjon, meiner forfattaren.

Over 200 000 nordmenn hadde benka seg framføre TV-skjermane for å sjå episodane om Trille og Lena. I flott natur på øya Runde følgjer ein dei to bestevenene i møte med Jonsokbål, fotballkampar og vaffelsteiking, i tillegg til meir alvorlege tema som død og sakn.

Lokale hovudroller

Det er Simen Voldsund frå Herøy og Dagni Myrene frå nabokommunen Ulstein som spelar hovudpersonane i serien. Med seg på laget har dei erfarne skodespelarar som Nils Sletta, Anne Marit Joacobsen og Odd Nordstoga, der sistnemnde også har laga musikk til serien.

– Det var viktig for meg at borna snakkar på dialekt, fortel Parr. Ho poengterer at dette ikkje var sjølvsagt når NRK bestemde seg for å putte Vaffelhjarta på skjermen.

– Det er mange ekstra kostnader med å leggje det til ei øy som Runde.

Etter at TV-serien blei vist for første gong på NRK Super den 14. oktober har Parr fått mange spørsmål på om ho føler serien er tru mot boka.

– Lik alle andre skapar eg meg bilde i hovudet over personane og miljøet når eg les eller skriv, men alt dette blei gløymd då eg såg hovudpersonane i filmen. Eg synest dei er utruleg flinke!

Nøgd forfattar

Parr kan fortelja at ho sjølv har vore lite involvert i prosessen med å omskapa boka til ein fjernsynsserie, og presiserer viktigheita av at NRK fekk fridom til å laga ein tv-serie på eigne premisser:

– Eg las gjennom manuset og var litt med på førehand, men elles har det vore opp til NRK og regissør Atle Knudsen, seier Parr, som synest at NRK har klart å bevare dei viktigaste elementa i boka.

Så langt har kanalen vist to episodar og dei positive tilbakemeldingane har stått i kø, trass i at somme meiner at episodane er for korte.

– Til jul vil serien gå i doble episodar, lovar Parr.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...