Heim Nyhende – Løland-markeringa eit løft for barnelitteraturen

– Løland-markeringa eit løft for barnelitteraturen

Publisert: 24.04.2012 12:43
(NPK-Margunn Sundfjord): –  Rasmus Løland-markeringa har gjeve den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen eit løft. Det oppsummerer dagleg leiar Marny Skeie Henkel etter at den femårige markeringa no er over.
–  Mange har trudd at Rasmus Løland-markeringa skulle vera ei markering og ei feiring av forfattaren Rasmus Løland. Det er heilt feil. Tanken har vore å bruka Løland som ein grunnmur. Han blir rekna som grunnleggjaren av nynorsk barnelitteratur og den første forfattaren som tok barn og unge på alvor. Målet har vore å bruka han som eit grunnlag til å fokusera på nynorsk litteratur og kultur for barn og unge. Det føler eg vi har klart, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Det er ho ikkje åleine om å meina. Også den uavhengige sluttrapporten slår fast at markeringa har lukkast med denne målsetjinga.
–  Løland-stiftinga har ikkje berre kasta glans over forfattaren og samfunnsbyggjaren Løland i fem år. Dei har famna vidare og løfta den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen fram i lyset både lokalt og nasjonalt, heiter det i rapporten.
Forfattarane med på laget
Rasmus Løland-stiftinga har frå 2007 til 2011 arbeidd med å setja Løland på dagsorden for nye generasjonar og auka statusen til barnelitteraturen og barnekulturen.
–  Det har vore eit ufatteleg spennande arbeid, men veldig mykje jobbing, oppsummerer Marny Skeie Henkel, som har leidd arbeidet mesteparten av tida.
Sidan starten har ho vore pådrivar for ei rekkje arrangement både i heimtraktene til Løland i Suldal og rundt om i heile landet. Skeie Henkel er spesielt glad for at markeringa har fått mange barnebokforfattarar med på laget.
–  Olaug Nilssen har sete i styret i Rasmus Løland-stiftinga og har vore ein døropnar til forfattarane. Ho trekte mellom anna inn Maria Parr som har følgt oss mesteparten av tida.
Stipend og auka status
Eit viktig mål for Løland-markering har vore å auka statusen for barnelitteratur og barnekultur. Etableringa av det fylkeskommunale Løland-stipendet på 100.000 kroner til forfattarar som skriv for barn og unge, er eit svært viktig tiltak i så måte, meiner Marny Skeie Henkel.
–  Det skal gå til forfattarar som skriv ny norsk litteratur for barn og unge, seier ho. I praksis betyr det at både nynorskskrivande forfattarar og forfattarar som skriv på bokmål, kan få stipendet.
–  Løland-stipendet er eit tydeleg signal til norske barnebokforfattarar om at litteratur for barn og unge har same status og verdi som annan litteratur, heiter det i sluttrapporten.
–  Mykje fåkunne
–  Kor mykje har Løland-stipendet å seia for den nynorske barnelitteraturen?
–  Eg trur det har svært mykje å bety. Mange klagar over at det finst så lite litteratur på nynorsk for barn. Men mange er ikkje klar over kor mange nynorske barnebøker det finst. Det finst eit hav av nynorske barnebøker –  og dei er gode, seier Skeie Henkel.
Ho håpar at Løland-stipendet kan gjere sitt til at folk får auga opp for kor mange nynorske barnebøker det finst.
Nasjonalt senter
Sjølv om femårsperioden til Løland-markeringa no er over, lever prosjektet vidare på Ryfylkemuseet.
–  Der blir det no etablert eit senter for nynorsk barnelitteratur og kultur, seier Marny Skeie Henkel.
Senteret er allereie inne på statsbudsjettet, og den første stillinga er på plass.
–  Det blei tilsett ein person rett før påske, fortel direktør Roy Høibo til Nynorsk pressekontor.
–  Men vi treng minst fire stillingar for å få den kompetansen og kapasiteten vi treng, legg han til.
Arven etter Løland kan du likevel oppleva ved museet.
–  I fjor laga vi i samarbeid med Rogaland Teater ei utstilling som byggjer på forteljinga Kvitebjørn av Rasmus Løland. Utstillinga formidlar dels forteljinga til Løland og dels er det eit prosjekt der ungane kan kle seg ut og skapa sine eigne historier. Prosjektet har vore ein stor suksess og vil nok leva vidare lenge enno, seier Roy Høibo. (©NPK)
npk@npk.no
Bilde: syb9e7c0
Dagleg leiar i Rasmus Løland –  markeringa 2007 –  2011, Marny Skeie Henkel, meiner markeringa har vore med på å gje den nynorske barnelitteraturen eit løft.
(FOTO: Jan Nordveit / Rasmus Løland-markeringa).

–  Rasmus Løland-markeringa har gjeve den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen eit løft. Det oppsummerer dagleg leiar Marny Skeie Henkel etter at den femårige markeringa no er over.

–  Mange har trudd at Rasmus Løland-markeringa skulle vera ei markering og ei feiring av forfattaren Rasmus Løland. Det er heilt feil. Tanken har vore å bruka Løland som ein grunnmur. Han blir rekna som grunnleggjaren av nynorsk barnelitteratur og den første forfattaren som tok barn og unge på alvor. Målet har vore å bruka han som eit grunnlag til å fokusera på nynorsk litteratur og kultur for barn og unge. Det føler eg vi har klart, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Det er ho ikkje åleine om å meina. Også den uavhengige sluttrapporten slår fast at markeringa har lukkast med denne målsetjinga.

–  Løland-stiftinga har ikkje berre kasta glans over forfattaren og samfunnsbyggjaren Løland i fem år. Dei har famna vidare og løfta den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen fram i lyset både lokalt og nasjonalt, heiter det i rapporten.

Forfattarane med på laget
Rasmus Løland-stiftinga har frå 2007 til 2011 arbeidd med å setja Løland på dagsorden for nye generasjonar og auka statusen til barnelitteraturen og barnekulturen.

–  Det har vore eit ufatteleg spennande arbeid, men veldig mykje jobbing, oppsummerer Marny Skeie Henkel, som har leidd arbeidet mesteparten av tida.

Sidan starten har ho vore pådrivar for ei rekkje arrangement både i heimtraktene til Løland i Suldal og rundt om i heile landet. Skeie Henkel er spesielt glad for at markeringa har fått mange barnebokforfattarar med på laget.

–  Olaug Nilssen har sete i styret i Rasmus Løland-stiftinga og har vore ein døropnar til forfattarane. Ho trekte mellom anna inn Maria Parr som har følgt oss mesteparten av tida.

Stipend og auka status
Eit viktig mål for Løland-markering har vore å auka statusen for barnelitteratur og barnekultur. Etableringa av det fylkeskommunale Løland-stipendet på 100.000 kroner til forfattarar som skriv for barn og unge, er eit svært viktig tiltak i så måte, meiner Marny Skeie Henkel.

–  Det skal gå til forfattarar som skriv ny norsk litteratur for barn og unge, seier ho. I praksis betyr det at både nynorskskrivande forfattarar og forfattarar som skriv på bokmål, kan få stipendet.

–  Løland-stipendet er eit tydeleg signal til norske barnebokforfattarar om at litteratur for barn og unge har same status og verdi som annan litteratur, heiter det i sluttrapporten.

–  Mykje fåkunne
–  Kor mykje har Løland-stipendet å seia for den nynorske barnelitteraturen?

–  Eg trur det har svært mykje å bety. Mange klagar over at det finst så lite litteratur på nynorsk for barn. Men mange er ikkje klar over kor mange nynorske barnebøker det finst. Det finst eit hav av nynorske barnebøker –  og dei er gode, seier Skeie Henkel.

Ho håpar at Løland-stipendet kan gjere sitt til at folk får auga opp for kor mange nynorske barnebøker det finst.

Nasjonalt senter
Sjølv om femårsperioden til Løland-markeringa no er over, lever prosjektet vidare på Ryfylkemuseet.

–  Der blir det no etablert eit senter for nynorsk barnelitteratur og kultur, seier Marny Skeie Henkel.

Senteret er allereie inne på statsbudsjettet, og den første stillinga er på plass.

–  Det blei tilsett ein person rett før påske, fortel direktør Roy Høibo til Nynorsk pressekontor.

–  Men vi treng minst fire stillingar for å få den kompetansen og kapasiteten vi treng, legg han til.

Arven etter Løland kan du likevel oppleva ved museet.

–  I fjor laga vi i samarbeid med Rogaland Teater ei utstilling som byggjer på forteljinga Kvitebjørn av Rasmus Løland. Utstillinga formidlar dels forteljinga til Løland og dels er det eit prosjekt der ungane kan kle seg ut og skapa sine eigne historier. Prosjektet har vore ein stor suksess og vil nok leva vidare lenge enno, seier Roy Høibo. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...