Heim Nyhende Målungdommen etterlyser godt språk i skulebøkene

Målungdommen etterlyser godt språk i skulebøkene

Norsk Målungdom vil ha ei eiga merkeordning for godt språk i skulebøkene. Språket i lærebøkene har vorte for dårleg etter at godkjenningsordninga for læremiddel vart oppheva ved starten av tusenåret, meiner organisasjonen.

Landsstyret i Målungdommen vedtok i helga ei fråsegn om kvalitetssikring av lærebokspråket.

– Nynorskelevane må sikrast god tilgang på godt språk, særleg i lærebøkene. Det kan til dømes gjerast ved å opprette ei merkeordning for språkleg kvalitet i læremiddel. Slik kan solid språk i læremidla bli eit konkurransefortrinn i forlagsmarknaden, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom Vebjørn Sture.

Han meiner det er viktig at elevane blir eksponert for korrekt språk om dei skal lære seg å skrive rett. Slik er det ikkje alltid. Sture peiker på at forlaga i stor grad held seg til bokmålsnære former i nynorskutgåvene, og at det ofte er mange språkfeil i bøkene.

– Eitt av dei meir graverande døma såg vi for ei tid tilbake da sjetteklassingar ved Tokke skule i Telemark fann 76 språkfeil i norskverket sitt, fortel Styve.

Mens forlaga i dag må halde seg til den såkalla læreboknormalen i dei nynorske skulebøkene, får dei ei litt breiare norm når den nye nynorsknormalen tar til å gjelde frå hausten av. Målungdommen fryktar at språket kan bli enda dårlegera, ettersom «alle retningslinjer for korleis språket i lærebøkene skal sjå ut» forsvinn.

– På same måten som svanemerket og nøkkelholsmerket sikrar at forbrukarane lettare kan velje miljøvenlege og sunne produkt, kan det også opprettast ei tilsvarande merkeordning for læremiddel, som held eit godt språkleg nivå. På denne måten får desse læremidla eit kvalitetsstempel som både forlaga og forbrukarane kan tene på, seier Sture. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...