Heim Nyhende Vil endre målform ved Sola skole

Vil endre målform ved Sola skole

På måndag skal det vere rådgjevande folkerøysting om målform ved Sola skole.

Førehandsrøystinga er dessutan i gang, og alle som bur i skulekrinsen, som har barn på skulen, eller som har barn som skal byrje der til hausten, kan røyste.

Folkerøystinga er komen opp som ei politisk avgjerd og vart vedteken av kommunestyret i Sola i desember i fjor. Sola skole er ein nynorskskule med både nynorsk- og bokmålsklassar. 27 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål dette skuleåret. I saksutgreiinga blir det peikt på at skulen kan spare 1,27 årsverk ved å endre hovudmål, under føresetnad av at ein ikkje treng opprette ein eller fleire nynorskklassar. Per i dag er talet på nynorskelevar på somme trinn så lågt at ein ikkje ville kunne opprette eigne nynorskgrupper for desse. Opplæringslova seier at viss 10 eller fleire elevar på trinnet krev å få skriftleg opplæring i den andre målforma, har dei rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe. Sola skole er ein barneskule med 115 elevar frå 1. til 7. klasse.

Utvatning

Gunnar Kolnes er far til ein elev på Sola skole og har eit barn som skal ta til på skulen hausten 2013. Han legg ikkje skjul på at han synest det er dumt om skulen skulle gå frå å vere nynorskskule til å bli bokmålsskule.

– Eg er redd innføring av bokmål som hovudmål ved skulen vil vere med på å vatne ut dialekten vår og det lokale her i Sola, seier han til LNK-avisa. Han fortel at det ikkje har vore nokon diskusjon kring temaet på skulen som han kjenner til. Han peiker òg på at dette er ei folkerøysting som kommunen har teke initiativ til, det er ikkje foreldra som har bede om å få reist spørsmålet.

Kolnes er klar over at bokmålselevane er i stort fleirtal på skulen i dag, men han meiner nynorskelevane har eit stort fortrinn. Dei har eit sidemål som er enklare å lære seg enn bokmålselevane har.

Trur slaget er tapt
– Sola skole er den eldste skulen i kommunen og har vore ein nynorskskule i mange år. For meg er det noko som skurrar viss det skal bli ein bokmålsskule.

Kolnes er klar over at kommunen vil spare pengar på å gjere skulen til ein bokmålsskule, noko som også kjem fram av kommunale sakspapir.

– Eg håpar at politikarane kan sjå litt lenger enn lommeboka og også leggje vekt på andre moment. Til dømes det at Sola sin dialekt ligg mykje tettare opp mot nynorsk enn bokmål, og at det faktisk har ein verdi å halde på lokale særpreg, ein verdi som ikkje kan målast i pengar.

Som forelder ved skulen har Kolnes rett til å røyste den 14. mai. Det skal han også gjere.

– Eg fryktar at det er ei tapt sak. Men sjølvsagt skal eg gå og røyste.

Vil snu trenden

Hjå Sola mållag driv dei no og mobiliserer i forkant av folkerøystinga i mai og kommunestyremøtet som skal fatte vedtaket i juni.

– Vi gjer det vi kan for å få snudd denne saka, seier leiar Tom Soma. – Vi skriv lesarbrev i avisa, og vi har laga ein brosjyre vi skal dele ut i heile krinsen. Sjølv er han ikkje mellom dei røysteføre; han verken bur i krinsen eller har ungar på skulen. Han har likevel ei klår meining om saka, og han reagerer særskild på at det er kommunen som har kravd folkerøystinga, ikkje foreldra.

– Vi i Solla mållag prøver no å informerer og snakke med folk. Viss kommunen får det som dei vil, så blir det ingen vinnarar, berre taparar.

Per i dag er det flest bokmålselevar på nynorskskulen Sola skole, men alle elevane får opplæring i si målform, anten det er nynorsk eller bokmål.

Soma understrekar at soladialekten er eit munnleg språk som ligg tett opp til nynorsk. Før skifta gjerne folk talemål når dei flytta, men det gjer dei ikkje lenger. No held dei på identiteten sin, seier han – Vi trur det er lettare for ungar å bruke det nynorske skriftspråket når dei kjenner det att frå talemålet sitt. Og kulturelt sett meiner vi nynorsken er høgst levande, seier Tom Soma.

Kan påverke

Sola si folkerøysting skal altså finne stad i mai, men sjølve avgjerda om saka blir teken av kommunestyret i juni. Folkerøystinga i mai er rådgjevande, ikkje bindande, og føremålet er å gje politikarane ein peikepinn på kva innbyggjarane meiner.

Det blir halde fleire folkerøystingar her til lands kvart år. Det kan handle om territorium eller alkohol, men tradisjonelt har det vore flest knytte til val av skulemålform. I 2011 vart det halde to rådgjevande folkerøystingar om målform. I Nord-Fron i Gudbrandsdalen var 245 av 431 med røysterett til stades då det skulle røystast over målform ved Skåbu skule i august i fjor, og det gav 95 røyster til bokmål og 150 til nynorsk. Kommunestyret i Nord-Fron tok folkerøystinga til følgje og valde å behalde nynorsk som skulemål ved Skåbu skule.

Låg oppslutnad

I Halsa kommune var det ei tilsvarande folkerøysting i september. Då skulle tre skular slåast saman til ein, og kommunen føreslo å gjere dette til ein bokmålsskule. Her stemde 587 for bokmål, 180 for nynorsk ,og 8 stemde blankt. Kommunestyret i Halsa vedtok i oktober at målforma på den nye skulen skulle vere bokmål.

Så langt i år har det vore éi folkerøysting om skulemålform, denne gongen ved nynorskskulen Otta skule i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Her stemde 103 for bokmål og 76 for nynorsk. 6 prosent av dei som kunne røyste, møtte fram og røysta. Kommunestyret i Sel behandla saka i slutten av april og bestemte då at Otta skule skal gå over til å ha bokmål som målform frå skuleåret 2012/2013.. Samstundes varslar dei tilsvarande folkerøystingar ved krinsane Heidal og Sel i løpet av året.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...