Heim Nyhende Etterlyser språklege erfaringar

Etterlyser språklege erfaringar

 

Arbeidsinnvandrarar frå EU har ikkje krav på språkopplæring. LNK etterlyser no erfaringar frå medlemskommunane på korleis dei har løyst den utfordringa. 

Som tidlegare ordførar i Time kommune har Arnfinn Vigrestad  sett kor problematisk det kan vere for kommunane å løyse problemet med språkopplæring for arbeidsinnvandrarar som ikkje har krav på det.  
Styret i LNK har no engasjert Vigrestad og Jan Magne Dahle til å kartlegge korleis ein kan betre denne situasjonen. I samband med det vil dei gjerne høyer kva erfaringar andre kommunar har gjort seg, og om det er nokre kreative løysingar der ute. 
– Etter at me no forhåpentlegvis får inn mange gode innspel frå LNK-kommunane, vil me samle det materialet me har, og staka ut kursen vidare. Me har vore i kontakt med alle partia på Stortinget og fått verdifulle tilbakemeldingar frå sentrale politikarar om korleis dei ser på dette. Me vil og gjerne få med KS på laget, seier Vigrestad.
 
Ingen tar ansvar
Han viser til at språktilbodet arbeidsinnvandrarane har varierer frå kommune til kommune. 
– Kvifor er tilbodet så varierande?
 
– Ingen kjenner og tar ansvar. Mest energi blir brukt på å skaffe seg den nødvendige arbeidskrafta, ikkje å bruke ressursar på språkopplæring. Eg trur og at det heng saman med at mange definerer oppgåva som arbeidsgjevaren sitt ansvar, eit ansvar mange ikkje tek. 
 
Vil lukkast betre
Arnfinn Vigrestad meiner ein i første omgang bør få fram at dette er ei reell utfordring, både i privat, men ikkje minst og i offentleg sektor. 
 
– Så må styresmaktene seie noko om kven som har ansvaret for språkopplæringa for denne gruppa. Til sist må det lagast undervisningsopplegg, gjerne nettbasert, som kommunar, offentlege etatar og private verksemder kan bruka.
Målet er at betre språkopplæring skal gjere både integreringa og arbeidssituasjonen enklare.  
– Håpet er at arbeidsinnvandrarane, som me vert endå meir avhengige av i åra som kjem, skal få ei grundig opplæring i norsk språk. Dette både for at dei lettare skal kjenne seg heime i samfunnet vårt, men ikkje minst for å kunne utføre ein betre jobb. Dersom dei blir betre i norsk vil det gi dei ei større kjensle av å lukkast på arbeidsplassen. Me vil få meir tilfredse arbeidstakarar og ikkje minst eit tryggare arbeidsmiljø for både tilsette og dei som skal ha tenestene. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...